Nederlag for regjeringa i saka om «oktoberbarna» 

Senterpartiet støtta Arbeidarpartiets forslag om at asylsaker frå unge afghanarar skal vurderast på nytt. Dermed gjekk regjeringa på ein smell. 

Nederlaget skjedde ikkje utan dramatikk. Tautrekkinga om Aps forslag gjekk føre seg nærmast heilt fram til stortingsmøtet starta tysdag formiddag.

Etter at ordlyden i det siste av fire punkt vart endra, sørgde Senterpartiet for at heile Aps pakke fekk fleirtal. Stortingets vedtak inneber blant anna at nokre av dei såkalla oktoberbarna som kom til Noreg frå Afghanistan i 2015, no vil få søknaden sin behandla på nytt.

Både Venstre og KrF slutta opp om Aps forslag, noko som betyr at Høgre/Frp-regjeringa må endre kursen noko.

Kor stor endringa blir er derimot eit ope spørsmål, ifølgje innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp).

Hardt ut mot Ap

Listhaug gjekk i debatten hardt ut mot Aps forslag. Ho meiner partiet går vekk frå ei streng og ansvarleg linje i asylpolitikken, og at Ap no seier det motsette av det dei sa for fem dagar sidan. Statsråden etterlyser ei utgreiing frå Ap om kva partiet eigentleg vil.

– Dette er såpass tynt at eg må seie at eg lurer svært mykje på korleis eg skal følgje det opp, sa Listhaug.

Aps forslag inneber at regjeringa opphevar ein instruks frå regjeringa om å avvise UDIs oppmoding om ei oppmjuking, slik at fleire av dei einslege mindreårige får bli i Noreg. Støre sa at forslaga gir forvaltninga større moglegheit til å utøve skjønn.

Listhaug viste derimot til at Ap tidlegare har sagt at asylreglane ikkje skal endrast, men at det vil vere konsekvensen viss instruksen om tilvising til internflukt vert oppheva.

– Kva vil Ap ha i staden? Eg har forstått at endringane skal vere at mangel på omsorgspersonar, nettverk og ressursar til å klare seg i internfluktområdet skal ha betydning for om einslege mindreårige skal få opphald på humanitært grunnlag. Det har betydning allereie i dag, sa ho.

Asylstrid

Sp og Ap avviste førre veke eit forslag frå SV om umiddelbar mellombels stogg i all asylretur til Afghanistan. Det fekk mange veteranar i dei to partia til å reagere.

Aps forslag tysdag handlar om at alle einslege asylsøkjarar mellom 16 og 18 år som er vedtatt returnert til internflukt sidan 1. oktober i fjor, skal få saka vurdert på nytt. Partiet fekk Stortinget med på å innføre kriterium for sårbarheit og vente med retur til sakene er tatt opp til ny vurdering.

Dragkampen mellom Ap og Sp i morgontimane tysdag handla om ein formulering om at sakene til dei unge asylsøkjarane det gjeld, «ikkje vert effektuert». I det endelege forslaget heiter det derimot at sakene «ikkje vert effektuert før sakene er behandla på nytt».

– Vi varsla Ap om at vi ikkje kunne støtte det forslaget slik det låg. Ap endra ordlyden, slik at det vart betre ramma inn. Då stemmer vi for alle fire forslaga, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum til NTB.

Auke av mellombelse

Bakgrunnen er den store auken i talet på mindreårige asylsøkjarar som har fått innvilga mellombels opphald sidan det såkalla vilkåret om rimelegheit vart fjerna 1. oktober i fjor.

Vilkåret gjorde tidlegare at dei fleste einslege mindreårige asylsøkjarar ikkje vart sende til internflukt i heimlandet, men i staden fekk opphald i Noreg, fordi internflukt vart sett på som «urimeleg».

– Før var det rundt 5 prosent av denne gruppa som fekk mellombels opphald, i etterkant auka det til over 40 prosent. Då vilkåret vart oppheva, hadde Stortinget ingen informasjon som tilsa at dette ville skje, seier Støre.

(©NPK)

Siste nyhende

Bryggjeritopp fekk avgiftssjokk – kalla KrF-nestleiar ein skurk

Bryggjeritopp Petter Nome kallar i ein intern e-post KrF-nestleiar Olaug Bollestad ein skurk og meiner ho har mykje av skulda for avgiftsauken på brus og snop.

Oslo Børs fell vidare

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,4 prosent til 803,95 poeng. Omsetninga enda på 2,75 milliardar kroner, nesten 4,5 milliardar mindre enn onsdag.

Ny SSB-direktør vil nullstille endringar 

Alle dei foreslåtte endringane i forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå (SSB) blir sette til side, opplyser konstituert SSB-direktør Birger Vikøren.

Senterpartiet vil fryse bensinavgifta 

Sp frir til bilistane ved å fryse bensin- og dieselavgiftene og gi pendlarane eit løft i sitt budsjett. Samtidig aukar partiet skattane med 2,3 milliardar.

Bokhandlarprisen til Helga Flatland

Bokhandlarane har late seg begeistre av Helga Flatlands roman om ein moderne familie og har tildelt henne Bokhandlerprisen for 2017.