Trekkjer karbonadar etter funn av skarpt objekt

Kjøtprodusenten Kuraas AS kallar tilbake Premium Karbonader etter funn av eit skarpt objekt i ein pakke.

Kuraas-produktet Premium Karbonader blir selt i daglegvarebutikkar i Nord-Noreg. Torsdag opplyste selskapet at dei har bede alle butikkar som fører produktet, om å fjerna det frå hyllene sine på grunn av funn av glas eller ein plastlekam i ein pakke.

Selskapet opplyser at slike objekt kan føra til skade i munn og svelg. Dei ber forbrukarar som har kjøpt produktet, om å kasta det eller returnera vara til butikken for refusjon.

(©NPK)

Siste nyhende

Ankesak mot hasjdømd skipper opp for retten

Saka mot ein pensjonert fiskeskøyteskipper som i tingretten blei dømd til over tre års fengsel for oppbevaring av 84 kilo hasj, skal no opp i lagmannsretten.

Artistar saman mot atomvåpen

Ei unison artistrekkje tok avstand frå atomvåpen og trakassering av kvinner før dei i kveld skal framføre musikalske perler i fredsprisånd for heile verda.

Mann arrestert for truslar om skyting på skule i Nordland

Ein mann er arrestert, sikta for å ha kome med truslar om skyting på ein vidaregåande skule i Nordland.

Regjeringa varslar endringar i taxireglane

Regjeringa vil behalde kravet om at drosjesjåførar må ha løyve, men ønsker å fjerne den såkalla behovsprøvinga.