To omkomne etter båtvelt i Seljordsvatnet

To menn er stadfesta omkomne etter at ein båt med seks personar velta i Seljordsvatnet torsdag ettermiddag. Torsdag kveld er éin person framleis sakna.
innenriks

Seks personar var ute i den opne båten som kantra klokka 14 torsdag. Tre av dei klarte å ta seg til land på eiga hand, mens dei tre andre blei meldt sakna.

– Vi får opplyst at det truleg er éin lærar og fem elevar, sa vakthavande redningsleiar Jan Lillebø ved Hovudredningssentralen Sør-Noreg rett etter hendinga.

Ulykka skjedde ved Lilløy i Seljordsvatnet. Politiet fekk melding om saka klokka 14.18 via AMK.

Den første av dei tre sakna blei funne ved 15-tida, og han blei deretter frakta med fly til Rikshospitalet i Oslo. Klokka 16.45 blei ytterlegare ein mann funnen. Også han blei sendt til Rikshospitalet. I 19-tida opplyste Oslo universitetssjukehus at den eine av mennene, ein 20-åring, hadde omkome. Ein times tid seinare opplyste politiet i Telemark at også den andre mannen, ein 19-åring, også var død.