Statsvitar: – Umogleg å vita kor Venstre hoppar

Venstre er eit så uføreseieleg parti at det er umogleg å vita kor det landar i spørsmålet om regjeringsdeltaking, meiner statsvitar Marcus Buck.

Dei overvegande positive signala frå Venstre til budsjettforslaget til regjeringa torsdag har gjeve ny næring til spekulasjonane om partiet no kjem til å gå inn i Solberg-regjeringa.

Instituttleiar Marcus Buck ved Institutt for samfunnsvitskap ved Universitetet i Tromsø meiner det førebels er heilt umogleg å vita. Nettopp fordi det er snakk om Venstre.

– Hadde det vore eit anna parti, så ville ein kunna seia noko meir sikkert kva som var å venta, men med Venstre veit ein aldri, seier Buck til NTB.

Han forklarer det med ståstaden til Venstre som eit grunnleggjande liberalt parti.

– Her er det stor takhøgd, og meiningane sprikjer i alle retningar, i motsetnad til dømes i Arbeidarpartiet, der det nesten ikkje finst noko takhøgd, ifølgje Buck.

Solberg uttalte under trontaledebatten onsdag at regjeringspartia og Venstre er samde om at dei skal halda fram samtalane om eventuelle samarbeidsformer framover.

– Det kjem vi eventuelt til å konkludera med, viss vi blir einige. Om det betyr regjeringsdeltaking for eit ekstra parti, eller om det betyr vidare samarbeid i Stortinget, blir å sjå, uttalte Solberg.

Fleire parti har kritisert henne for at prosessen var uryddig.

– Det verkar som vi har ei regjering utan ein plan. Ei regjering som mens dei ventar på at Venstre skal bestemme seg – berre flyt vidare og håpar at det skjer noko etter jul, sa parlamentarisk leiar i Senterpartiet Marit Arnstad under debatten.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.