Oppgangen held fram på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs passerte 790 poeng torsdag. Då børsen stengde, låg indeksen på 790,39 poeng, ein oppgang på 0,25 prosent frå sluttkursen onsdag.

Omsetnaden torsdag enda på 4 milliardar kroner. Marine Harvest toppa omsetnadslista, og selskapet var også vinnaren blant dei mest omsette med ein vekst i aksjekursen på 1,7 prosent.

Oljeselskapet DNO var taparen med eit fall på 1,7 prosent. Statoil var nest mest omsett, men sluttkursen var den same som onsdag.

FTSE 100 i London og DAX 30-indeksen i Frankfurt steig begge med 0,2 prosent, mens CAC 40 i Paris fall med 0,1 prosent.

Eit fat nordsjøolje blei ved børsslutt omsett for 56,3 dollar, mens amerikansk lettolje gjekk for 50,4 dollar fatet, noko som er om lag det same som onsdag.

(©NPK)

Siste nyhende

Solberg legg til rette for Venstre med små endringar

Neste gong statsminister Erna Solberg (H) presenterer eit nytt mannskap på Slottsplassen, kan det vere med tre statsrådar frå Venstre.

Solberg lunken til kravet om eigen bistandsminister

Statsminister Erna Solberg (H) antydar at tida har sprunge frå ideen om ein egen utviklingsminister.

Hareide: Utanriksministeren burde sloppe bistandsbudsjettet

Mange tunge utanriksoppgåver ventar den nyutnemnde Ine Eriksen Søreide (H). KrF meiner ho burde ha sloppe å forvalte 35 milliardar bistandskroner.

Grande synest det er «veldig kult» med nye kvinnelege statsrådar

– Det er veldig kult at vi no har både kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. 

Sp: Søreide burde fått heile Utanriksdepartementet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Erna Solberg burde droppa ein ny EU-minister og latt Ine Eriksen Søreide ta over heile Utanriksdepartementet.