Noreg forlengjer grensekontroll med seks månader

Noreg forlengjer grensekontrollen på ferjekaiar med seks månader til 11. mai 2018, opplyser justisminister Per-Willy Amundsen (Frp). Grunnen er terrorfare. 

Kontrollen gjeld ferjer som kjem til Noreg frå Danmark, Sverige og Tyskland.

– Noreg er på same måten som Tyskland, Frankrike, Austerrike og Danmark uroleg for terrortrusselen i Europa og mange migrantar med uavklart identitet i Schengen-området. Vi vil difor framleis ha personkontroll på indre Schengen-grense også etter 11. november, seier Amundsen.

Noreg innførte den ekstraordinære grensekontrollen i kjølvatnet av flyktningkrisa i 2015, med heimel i artikkel 29 i den såkalla grensekodeksen for Schengen-området. Den offisielle grunngjevinga har vore manglande kontroll på yttergrensa til EU i Hellas.

I mai kunngjorde EUs innvandringskommissær Dimitris Avramopoulos at han ikkje ville tillata fleire forlengingar av denne forma for grensekontroll.

Noreg går difor over til artikkel 25 og 27 i grensekodeksen som heimel. Desse paragrafane opnar for mellombels grensekontroll når det oppstår alvorlege tryggingstrugslar.

Den juridiske ommøbleringa er nødvendig for å kunna halda fram med grensekontrollen når det noverande regime går ut den 11. november.

Siste nyhende

Solberg legg til rette for Venstre med små endringar

Neste gong statsminister Erna Solberg (H) presenterer eit nytt mannskap på Slottsplassen, kan det vere med tre statsrådar frå Venstre.

Solberg lunken til kravet om eigen bistandsminister

Statsminister Erna Solberg (H) antydar at tida har sprunge frå ideen om ein egen utviklingsminister.

Hareide: Utanriksministeren burde sloppe bistandsbudsjettet

Mange tunge utanriksoppgåver ventar den nyutnemnde Ine Eriksen Søreide (H). KrF meiner ho burde ha sloppe å forvalte 35 milliardar bistandskroner.

Grande synest det er «veldig kult» med nye kvinnelege statsrådar

– Det er veldig kult at vi no har både kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. 

Sp: Søreide burde fått heile Utanriksdepartementet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Erna Solberg burde droppa ein ny EU-minister og latt Ine Eriksen Søreide ta over heile Utanriksdepartementet.