Hæren får millionar til «jamming"

Regjeringa aukar overføringane til Etterretningstenesta og set av ein halv milliard kroner til elektroniske mottiltak i Hæren, såkalla «jamming».

– Den teknologiske utviklinga går raskt, og elektroniske angrep og «jamming» utgjer ein stadig større del av militære operasjonar. Hæren blir no sett langt betre i stand til å verna seg mot elektroniske angrep, seier Hårek Elvenes i Høgre til NTB.

Hæren har nytta system for elektronisk krigføring i lang tid. Nokre av systema er fornya gjennom mindre innkjøp tidlegare, men det står att å fornya kapasiteten til å gjennomføra elektroniske mottiltak, heiter det i statsbudsjettet.

EMT-system blir brukt for å forstyrra kommunikasjonen til ein motstandar, bryta kommandokjeda til motstandaren og forstyrra presisjonsvåpen som er avhengige av elektronisk kommunikasjon.

No blir det planlagt innkjøp av eit mindre tal system som skal monterast på fleire av køyretøya til Hæren. Prosjektet har ei total kostnadsramme på 549 millionar kroner.

Elvenes er glad for at regjeringa i tillegg legg opp til å auka budsjettet til Etterretningstenesta frå 1,7 milliardar til 1,9 milliardar kroner.

– Dei tryggingspolitiske omgjevnadene til Noreg er i aukande grad kompliserte og uføreseielege. Ei høgkompetent og effektiv utanlandsetterretningsteneste er svært viktig for å sikra ein god situasjonsforståing og eit godt avgjerdsgrunnlag for norske styresmakter, seier han.

(©NPK)

Siste nyhende

Solberg legg til rette for Venstre med små endringar

Neste gong statsminister Erna Solberg (H) presenterer eit nytt mannskap på Slottsplassen, kan det vere med tre statsrådar frå Venstre.

Solberg lunken til kravet om eigen bistandsminister

Statsminister Erna Solberg (H) antydar at tida har sprunge frå ideen om ein egen utviklingsminister.

Hareide: Utanriksministeren burde sloppe bistandsbudsjettet

Mange tunge utanriksoppgåver ventar den nyutnemnde Ine Eriksen Søreide (H). KrF meiner ho burde ha sloppe å forvalte 35 milliardar bistandskroner.

Grande synest det er «veldig kult» med nye kvinnelege statsrådar

– Det er veldig kult at vi no har både kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. 

Sp: Søreide burde fått heile Utanriksdepartementet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Erna Solberg burde droppa ein ny EU-minister og latt Ine Eriksen Søreide ta over heile Utanriksdepartementet.