Filminsentivordninga blir styrkt med ein dryg million

Insentivordninga for internasjonale film- og serieproduksjonar i Noreg blir foreslått auka med ein dryg million i statsbudsjettet, til 57 millionar kroner.

Insentivordninga vart etablert i 2015 og skal gjere det meir attraktivt for utanlandske filmselskap å spele inn film og serieproduksjonar i Noreg. Eit resultat av denne ordninga var at filminga av Jo Nesbøs «Snømannen» vart lagt til Noreg.

Ordninga blir forvalta av Norsk filminstitutt og er i år på 55,81 millionar kroner.

Av forslaget til statsbudsjett går det også fram at regjeringa vil sette av 7 millionar kroner til bygdekinoen i 2018. Bygdekinoen var inntil 2017 finansiert av film- og videogramavgifta som vart forvalta av Film & Kino.

– Fram mot 2019 vil departementet vurdere Bygdekinoens framtidige finansiering og organisering. Inntil det er tatt stilling til dette, foreslår regjeringa å løyve driftstilskot til Bygdekinoen på om lag same nivå som tidlegare. Om lag to tredelar av Bygdekinoens drift skal finansierast av eigeninntekter frå blant anna billettsal, går det fram av budsjettforslaget.

Regjeringa foreslår også å auke løyvinga til Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) med 600 000 kroner neste år.

(©NPK)

Siste nyhende

Ein person omkom i kollisjon i Østfold

Ein person er bekrefta omkommen etter ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein personbil på riksveg 111 ved Veberg i Østfold.

Stadig fleire leverer inn farleg avfall

I fjor vart det levert inn rundt 1,48 millionar tonn farleg avfall. Det er ein auke på 5 prosent frå året før, og ein auke på heile 84 prosent sidan 2003.

SSB: – Fleire lærarar gav ingen effekt på karakterane

Satsinga på 600 fleire lærarar på ungdomsskuletrinnet har ikkje gitt noka betring i karakterane til elevane. Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Auka overskot for SAS

SAS hadde eit årsresultat på 1,73 milliardar svenske kroner før skatt for rekneskapsåret 2016/2017, mot 1,4 milliardar kroner i 2015/2016.

Storebrand største rentefond blir fossilfritt

Storebrand fjernar energiselskap frå sitt største rentefond for å gjere fondet fossilfritt.