Vil fengsle fire etter drapsforsøk i Oppegård

Politiet varslar at dei vil be om varetektsfengsling for fire av dei seks familiemedlemmene som er sikta for drapsforsøk på Oppegård. 

Blant dei seks familiemedlemmene som er sikta for drapsforsøk eller medverking til drapsforsøk, er det ein 15-åring, ein 16 år gammal gut, ein på rundt 18 år og foreldra til jenta. Begge foreldra blir kravd fengsla.

Dei to som ikkje blir framstilte for fengsling, blir overførte til barnevernet.

Politiet fekk tysdag kveld ved 19-tida vite om ei valdshending på Flåtestad i Greverud i Oppegård like sør for Oslo, der den 18 år gammal kvinne vart frakta til sjukehus. Det skal ha vore ein tilfeldig forbipasserande som melde frå om saka.

Den 18 år gamle kvinna vart ifølgje politiet påført store skadar, blant anna stikkskadar. Ho var onsdag utanfor livsfare.

– Vi vil krevje fire vekers varetekt med to veker full isolasjon for fire av dei sikta. Fengslingsmøtey vil bli kravd halde for lukka dører. Dei to andre sikta er overført til barnevernet, seier politioverbetjent Rikke Hallgren.


(©NPK)

Siste nyhende

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Moods of Norway-verdiar på 70 millionar

Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på 70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Ap-rådgivarar sluttar med augneblikkeleg verknad 

Ap-rådgivarane Harald Jacobsen og Maria Schumacher Walberg stadfestar no at dei seier opp jobbane i stortingsgruppa til partiet. 

Mennene som plasserte bomber i Göteborg fekk kortare straff

To av dei tre høgreekstreme mennene som blei funne skuldige i å plassere tre bomber i Göteborg, i tingretten, blei frikjent for eitt tilfelle i lagmannsretten.