Sjukepleiarane trappar opp streiken i Kreftforeningen

Sykepleierforbundet utvidar streiken til Kreftforeningens distriktskontor i Stavanger, Tromsø og Kristiansand. Streiken har no vart i over hundre dagar.

Fredag går to spesialsjukepleiarar i Stavanger ut i streik, mens ytterlegare to medlemmer blir tekne ut ved distriktskontora i Tromsø og Kristiansand torsdag 28. september. Dersom konflikten ikkje er løyst innan den tid, vil 29 av dei 34 medlemmene til Sykepleierforbundet i Kreftforeningen vere tatt ut i streik.

Då Kreftforeningen gjekk frå arbeidsgjevarforeininga Virke til NHO Abelia, vart sjukepleiarane rekna for å vere funksjonærar og mista dermed tariffavtalen dei hadde som sjukepleiarar. Dei meiner dei misser både streikerett og minstelønnssatsar i det nye avtaleverket og streikar for å få behalde sjukepleiaravtalen.

– Provosert

Kreftforeningen meiner det er urimeleg at sjukepleiarane skal behalde sjukepleiaravtalen når dei på same arbeidsplass har tilsett for eksempel juristar som funksjonærar i liknande stillingar.

Norsk Sykepleierforbund og nestleiar Solveig K. Bratseth seier dei er kraftig provosert over at Kreftforeningen påstår at juristar, sosionomar eller andre yrkesgrupper, like gjerne som ein sjukepleiar med spesialisering på feltet, kan svare dei som kontaktar Kreftlinja med helsefaglege spørsmål.

– Svekkje pasienttilbod

– Spesialsjukepleiarane som jobbar på Kreftlinja utgjer eit svært viktig tilbod for personar som er i ein svært vanskeleg livssituasjon. Desse personane har sjølvsagt både forventningar om, og krav på, å få snakke med kvalifisert helsepersonell. Vi anerkjenner kompetansen til juristar og sosionomar som svarar på spørsmål innan sitt fagfelt. Men vi kan ikkje skjønne at Kreftforeningen no vel å svekkje dette viktige pasienttilbodet ved å tukle med lønns- og arbeidsvilkåra til spesialsjukepleiarane, seier Bratseth.

Streiken rammar Kreftforeningens kontor i Oslo, Bergen, Kristiansand, Hamar, Trondheim, Tønsberg, Stavanger og Tromsø.

(©NPK)

Siste nyhende

Oslo Børs fell vidare

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,4 prosent til 803,95 poeng. Omsetninga enda på 2,75 milliardar kroner, nesten 4,5 milliardar mindre enn onsdag.

Ny SSB-direktør vil nullstille endringar 

Alle dei foreslåtte endringane i forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå (SSB) blir sette til side, opplyser konstituert SSB-direktør Birger Vikøren.

Senterpartiet vil fryse bensinavgifta 

Sp frir til bilistane ved å fryse bensin- og dieselavgiftene og gi pendlarane eit løft i sitt budsjett. Samtidig aukar partiet skattane med 2,3 milliardar.

Bokhandlarprisen til Helga Flatland

Bokhandlarane har late seg begeistre av Helga Flatlands roman om ein moderne familie og har tildelt henne Bokhandlerprisen for 2017.