Latter og gråt i Frank Aarebrots gravferd

Frank Aarebrots barn Erik og Maike fekk fram både latter og gråt da dei heldt minneord om heile Noregs professor. Jonas Gahr Støre mintest opplysningsmennesket.

Den vakre Korskyrkja i Bergen var fylt til trengsel og pynta med fargerike blomstrar. Det var mange som ville takke Frank Aarebrot.

Prest Thor Brekkeflat streka under kor vanskeleg det var å samle seg rundt Frank Aarebrots kiste og ta inn over seg at han er død.

– Men det å snakke om Frank går av seg sjølv, eit uendeleg tal forteljingar kjem seglande, sa han.

Felles minnetale

Og det fekk forsamlinga bevis på da sonen Erik og dottera Maike heldt ein felles minnetale. Mens kona Marianne ønskte at talen hennar ikkje skulle sendast direkte, stod barna saman og fortalde lattermilde, men òg sorgtunge om ein uhøgtidleg og leiken pappa.

– Dette blir Frank Aarebrot 70 år på 70 minutt, vi har ein liten bunke med papir her, opna Erik Aarebrot, og ei lun humring spreidde seg i kyrkja.

– Dei siste åra har vore ganske ville for faderen. Han har kost seg, og andre har kost seg, verkar det som, sa Erik, som skilde mellom den personlege pappaen og den offisielle faren.

Han fortalde at det var ein unormal kveld på puben viss ingen kommenterte det Frank Aarebrot hadde sagt. Han fortalde òg at han stadig vart bedt om å lage morostunt om far sin.

– Ingen sette meir pris på sånne stunt enn pappa. Da lo han sin bråkete latter med heile kroppen og spruta sigarettoske over klede, stol og heile golvet, sa sonen.

Barnsleg og leiken

Dottera Maike skildra ei rad episodar som viste Aarebrots kjærlege, barnslege og leikne sider.

Eg hugsar godt at pappa mima hønsehus og ballerina når vi for ein gongs skuld fekk han til å spele Fantasi i staden for Trivial Pursuit, lo Maike.

– Eg kjem til å sakne armkroken din, pappa, sa ho.

Ekte og heil ved

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre la i sin tale vekt på det brennande engasjementet og dei store kunnskapane Aarebrot hadde.

– Han var eit heilt menneske, som var engasjert i alt. Han var ikkje bunden av noko og levde som han lærte.

– Det gjorde han ekte, til heil ved, sa Støre, som streka under at professoren var eit sant opplysningsmenneske.

– Han var eit opplysningsmenneske som tok den vesle manns parti utan å miste av syne det store fellesskapet.

Rettar

Støre, som vedgjekk at han sette veldig pris på Aarebrots tilknyting til Arbeidarpartiet, meinte at professoren såg forteljinga om Noreg som ei soge der stadig nye grupper får rettar og moglegheiter på lik linje med andre, som bønder, kvinner, innvandrarar.

Og her ligg det evigvarande sosialdemokratiske oppdraget, sa Støre.

– At alle skal med, er eit oppdrag som held fram trass i valnederlaget, sa Ap-leiaren med tilvising til Aps slagord i valkampen.

Støre sa òg at Aarebrot, sjølv om han var ein Ap-mann, òg kunne vere sterkt kritisk.

– Det måtte eg tole, streka Støre under og sa at han kjem til å sakne den skarpe pennen til professoren.

SV-politikar Heikki Eidsvoll Holmås sette ei høgtidleg stemning da han framførte «Til Ungdommen» av Nordahl Grieg.

Minnestund på universitetet

Etter gravferda var det invitert til ei open minnestund i Universitetsaulaen, derr alle som ville, var velkommen til samtale og samvær.

Alle blomsterhelsingane vart etter seremonien tatt med vidare til dei ulike krigsminnesmerka i Bergen etter ønske frå Frank Aarebrot sjølv og familien.

Frank Aarebrot døydde laurdag 9. september.







(©NPK)

Siste nyhende

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Moods of Norway-verdiar på 70 millionar

Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på 70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Ap-rådgivarar sluttar med augneblikkeleg verknad 

Ap-rådgivarane Harald Jacobsen og Maria Schumacher Walberg stadfestar no at dei seier opp jobbane i stortingsgruppa til partiet. 

Mennene som plasserte bomber i Göteborg fekk kortare straff

To av dei tre høgreekstreme mennene som blei funne skuldige i å plassere tre bomber i Göteborg, i tingretten, blei frikjent for eitt tilfelle i lagmannsretten.