Solberg minnest Per Fugelli: Alltid på pasientane si side

Statsminister Erna Solberg (H) tok imot bodskapen om bortgangen til Per Fugelli med sorg.

– Per Fugelli var ei viktig stemme, først som lege og sidan som pasient. Med varme, kunnskap og spissformulert engasjement har han alltid stått på pasientane si side og fått til endringar i helsevesenet, skriv Solberg i ein uttale.

Ho minnest Fugelli som ein lege som har sytt for at pasientane har fått meir makt.

– Det er ein innsats som vi alle er takksame for, skriv ho.

– Som pasient og døyande var han open og delte refleksjonane sine om det, men typisk nok sa han at mottoet hans snarare var: «Livet, skal vi danse?», skriv Solberg, som sender dei varmaste tankar til Fugellis familie og venner.

(©NPK)

Siste nyhende

Oslo Børs fell vidare

Hovudindeksen på Oslo Børs fall torsdag med 0,4 prosent til 803,95 poeng. Omsetninga enda på 2,75 milliardar kroner, nesten 4,5 milliardar mindre enn onsdag.

Ny SSB-direktør vil nullstille endringar 

Alle dei foreslåtte endringane i forskingsavdelinga i Statistisk sentralbyrå (SSB) blir sette til side, opplyser konstituert SSB-direktør Birger Vikøren.

Senterpartiet vil fryse bensinavgifta 

Sp frir til bilistane ved å fryse bensin- og dieselavgiftene og gi pendlarane eit løft i sitt budsjett. Samtidig aukar partiet skattane med 2,3 milliardar.

Bokhandlarprisen til Helga Flatland

Bokhandlarane har late seg begeistre av Helga Flatlands roman om ein moderne familie og har tildelt henne Bokhandlerprisen for 2017.