Snart er 95 prosent av befolkninga utan FM-dekning frå NRK

Neste onsdag sluttar NRK å senda radio over FM-nettet i Oslo, Akershus, Østfold og Vestfold. Dermed vil 94,5 prosent av befolkninga vera utan FM-radio frå NRK.

Sløkkinga blir markert med ein seremoni der sendarane blir skrudde av på Tryvann i Oslo.

– Det er Nina Stensrud Martin og Olav Viksmo Slettan som skrur av sendarane. I tillegg blir mellom anna radiosjefane i NRK og kommersiell radio til stades, opplyser NRK.

Etter 20. september må folk lytta til radiosendingane til NRK via internett, mobil, TV eller dab-radio i området der nettet er sløkt.

– Lyttarar som berre har hatt FM-radio til no, må finna ein digital erstattar, seier dagleg leiar Ole Jørgen Torvmark i Digitalradio Norge (DRN).

Etter sløkkinga neste veke, har NRK berre FM-sendingar i Troms og Finnmark. Dei blir etter planen slegne av 13. desember.

(©NPK)

Siste nyhende

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Moods of Norway-verdiar på 70 millionar

Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på 70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Ap-rådgivarar sluttar med augneblikkeleg verknad 

Ap-rådgivarane Harald Jacobsen og Maria Schumacher Walberg stadfestar no at dei seier opp jobbane i stortingsgruppa til partiet. 

Mennene som plasserte bomber i Göteborg fekk kortare straff

To av dei tre høgreekstreme mennene som blei funne skuldige i å plassere tre bomber i Göteborg, i tingretten, blei frikjent for eitt tilfelle i lagmannsretten.