Oljebransjen ber Ap, Høgre og Frp levera om Lofoten-olje

Det er viktig å koma i gang med ei konsekvensutgreiing av oljeaktivitet i Lofoten, strekar Norsk olje og gass under og ønsker signala til Ap velkommen.

– Dette valet har avklart at det er det same breie fleirtalet bak norsk oljepolitikk i det nye Stortinget som i det førre, seier sjefen for Norsk olje og gass, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, til NTB.

Arbeidarpartiet står klar til å samarbeida med regjeringa om konsekvensutgreiing av oljeverksemd utanfor Lofoten dersom Venstre og KrF ikkje lykkast i å binda Høgre og Frp til masta, stadfestar Ap-leiar Jonas Gahr Støre til NTB tysdag.

Det er naturleg og sjølvsagt at Ap vil søkja å få gjennomslag for politikken sin, meiner Schjøtt-Pedersen, som i ei årrekkje var Ap-statsråd og stabssjef for statsminister Jens Stoltenberg.

– Det er viktig at vi klarar å koma i gang med konsekvensutgreiing av verksemd i dette området. Eg ventar difor at dei tre partia som har eit så stort fleirtal i Stortinget, gjennomfører det dei har sagt dei skal gjera, seier han.

– Her veit vi at det er samanfallande syn mellom Ap, Høgre og Frp. Det er ikkje overraskande at desse partia, inkludert Ap, peikar på at det faktisk er eit fleirtal i Stortinget for dette. Det vil vera langt meir problematisk viss det breie fleirtalet til Stortinget ikkje kjem til uttrykk.

Norsk olje og gass, ein interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon for oljeselskap og leverandørbedrifter, minner om at det er snakk om ei konsekvensutgreiing, som i sin tur skal gje grunnlag for å avgjera kva ein kan gjera vidare.

(©NPK)

Siste nyhende

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Moods of Norway-verdiar på 70 millionar

Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på 70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Ap-rådgivarar sluttar med augneblikkeleg verknad 

Ap-rådgivarane Harald Jacobsen og Maria Schumacher Walberg stadfestar no at dei seier opp jobbane i stortingsgruppa til partiet. 

Mennene som plasserte bomber i Göteborg fekk kortare straff

To av dei tre høgreekstreme mennene som blei funne skuldige i å plassere tre bomber i Göteborg, i tingretten, blei frikjent for eitt tilfelle i lagmannsretten.