Kari Veiteberg blir ny biskop i Oslo

Kari Veiteberg er vald til ny biskop i Oslo. Ho erstattar avtroppande Oslo-biskop Ole Christian Kvarme.

Den nye biskopen blei vala med 11 av 15 stemmer under møtet til Kyrkjerådet onsdag.

– Vi gratulerer Kari Veiteberg som ny biskop i Oslo bispedømme, og vi gratulerer bispedømmet og Den norske kyrkja med ein ny biskop. Ho har eit breitt votum i ryggen og er sterkt ønskt som biskop. Dette er ein historisk dag for Den norske kyrkja. For første gong har vi like mange kvinner som menn blant biskopane, seier leiar i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum i ei pressemelding.

56 år gamle Veiteberg har fram til no vore bymisjonsprest ved Bymisjonssenteret Tøyenkirken. Ho er utdanna ved Det teologiske fakultetet i Oslo.

– Mange i bispedømmet og i verda elles meiner og tenkjer ulikt. Vi skal øva oss på å vera trygge saman, snakka godt om og til kvarandre og å feira gudstenester saman, seier den nyvalde biskopen.

Dei andre aktuelle kandidatane var Anne-May Grasaas og Sturla Johan Stålsett.

Avtroppande Ole Christian Kvarme har vore biskop i Oslo bispedømme sidan 2005. Søndag 3. september blei det halde avskilsgudsteneste for han i Oslo domkyrkje.

Siste nyhende

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.

Nyheitsbyrå: Norwegian vil kjøpe opp britisk lågprisselskap

Norwegian er i samtalar med det britiske Monarch Airlines om å kjøpe opp heile eller deler av selskapet, opplyser kjelder til Press Association.

Moods of Norway-verdiar på 70 millionar

Eigedelane til konkursramma Moods of Norways har ein samla verdi på 70 millionar kroner, opplyser bustyrar Asbjørn Løvik.

Ap-rådgivarar sluttar med augneblikkeleg verknad 

Ap-rådgivarane Harald Jacobsen og Maria Schumacher Walberg stadfestar no at dei seier opp jobbane i stortingsgruppa til partiet. 

Mennene som plasserte bomber i Göteborg fekk kortare straff

To av dei tre høgreekstreme mennene som blei funne skuldige i å plassere tre bomber i Göteborg, i tingretten, blei frikjent for eitt tilfelle i lagmannsretten.