Regjeringa vil skrote 67 år gammal riksgrenselov 

Justis- og beredskapsdepartementet foreslo fredag ei ny grenselov som skal avløyse riksgrenselova frå 1950.

Formålet er å lage eit tydelegare og meir heilskapleg regelverk som også omfattar regler om grensepassering og inn- og utreisekontroll av personar, som i dag er fastsett i utlendingslova.

– Noreg har eit godt utvikla grensekontrollkonsept. Dagens reglar er derimot fragmenterte, og til dels gamle og utydelege. Ei ny grenselov som samlar, moderniserer og forbetrar regelverket vil bidra til å styrke det viktige grensekontrollarbeidet, seier justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen (Frp).

I hovudsak er eksisterande regelverk samla og revidert inn under ei ny lov. Den nye grenselova inneber ikkje endringar i ansvarsfordeling og organisering av grensekontroll, utover å tydeleggjere at ansvar for utøving av grenseovervaking og inn- og utreisekontroll av personar fell inn under oppgåvene til politiet.

Forsvaret kan derimot framleis på vegner av politiet utøve grenseovervaking på den norsk-russiske grensa.

Den foreslåtte grenselova vidarefører også folkerettslege avtaler Noreg er bundne av, særleg gjennom Schengen-samarbeidet og avtalene med nabolanda Sverige, Finland og Russland.

Lova tar for seg regler om rettslege og fysiske forhold i tilknyting til riksgrensa, og om grensepassering og grensekontroll av personar. Den gjeld ikkje militære oppgåver, tollova eller reglar om tilgjenge utlendingar har til riket.


(©NPK)

Siste nyhende

Solberg legg til rette for Venstre med små endringar

Neste gong statsminister Erna Solberg (H) presenterer eit nytt mannskap på Slottsplassen, kan det vere med tre statsrådar frå Venstre.

Solberg lunken til kravet om eigen bistandsminister

Statsminister Erna Solberg (H) antydar at tida har sprunge frå ideen om ein egen utviklingsminister.

Hareide: Utanriksministeren burde sloppe bistandsbudsjettet

Mange tunge utanriksoppgåver ventar den nyutnemnde Ine Eriksen Søreide (H). KrF meiner ho burde ha sloppe å forvalte 35 milliardar bistandskroner.

Grande synest det er «veldig kult» med nye kvinnelege statsrådar

– Det er veldig kult at vi no har både kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. 

Sp: Søreide burde fått heile Utanriksdepartementet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Erna Solberg burde droppa ein ny EU-minister og latt Ine Eriksen Søreide ta over heile Utanriksdepartementet.