Statstilsette får styrkt ytringsfridom

Regjeringa endrar dei etiske retningslinjene for statstilsette og sørgjer blant anna for å styrke den offentlege ytringsfridomen deira.

– Det er viktig å vareta openheit og tillit i staten. Derfor har vi gjort to viktige endringar i dei etiske retningslinjene for statstilsette, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H).

Revideringane gjeld ytringsfridomen til statstilsette og eigarskap til og handling med verdipapir.

Ytringsfridomen kan avgrensast av teieplikt, og i enkelte tilfelle av ein lojalitetsplikt. I retningslinjene presiserer departementet at det berre er ytringar som kan skade verksemda sine saklege og legitime interesser, som vil bryte lojalitetsplikta.

– Vi tydeleggjer at Grunnlovas terskel for å avgrense ytringsfridomen til dei tilsette er høg, seier Sanner.

Revideringa av ytringsfridomen til statstilsette skjer som følgjer av ei tilråding frå Sivilombodsmannen.

I dei reviderte etiske retningslinjene omtalast nå ulike grunnlag som kan grunngje opplysingsplikt om og avgrensingar i den enkelte tilsette sitt høve til å eige og handle med verdipapir. Utgangspunktet, og den klare hovudregelen, er likevel at statstilsette har fridom til å organisere sin egen økonomi utan innblanding frå arbeidsgivaren.

Det blir likevel understreka at i unntakstilfelle vil aktiviteten til den enkelte kunne gå utover viktige offentlege omsyn.

(©NPK)

Siste nyhende

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Ordførarar i Hedmark vil ha eiga ulveundersøking

Ordførarane i Trysil og Elverum har så liten tillit til regjeringa at dei vil bruka pengar på eit alternativt forskingsprosjekt om genane til den norske ulven.

Overraskande stor interesse for 22. juli-senteret

Over 105.000 menneske har besøkt 22. juli-senteret i Høgblokka sidan det opna for to år sidan. Det er fleire enn vi rekna med, seier kommunalministeren.

Undersøking: Terrorfrykt påverkar reiseplanane for mange

Nesten halvparten av dei spurde i ei undersøking svarar at terrorfrykt har påverka reiseplanane deira i sommar. Tyrkia er nesten heilt ute som feriedestinasjon.