Omsetnadsvekst for norske nettbutikkar

Tal frå 1.800 nettbutikkar i Noreg viser at omsetnaden har auka med 9,6 prosent i første halvår av 2017 samanlikna med same periode i fjor.

Tala kjem frå betalingstenesta DIBS, som har nettbutikkane som kunde.

– Dei norske nettbutikkane omset for meir og meir, og det strekar under at e-handelen er og blir ein skarp konkurrent til den fysiske detaljhandelen, seier Henrik Sandberg, sjef for bedriftsutvikling hos DIBS.

Selskapet gjev kvart år ut rapporten Norsk E-handel, der det blei rekna ut at det årlege forbruket til nordmenn i norske og utanlandske nettbutikkar var på 90 milliardar kroner.

(©NPK)

Siste nyhende

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Ordførarar i Hedmark vil ha eiga ulveundersøking

Ordførarane i Trysil og Elverum har så liten tillit til regjeringa at dei vil bruka pengar på eit alternativt forskingsprosjekt om genane til den norske ulven.

Overraskande stor interesse for 22. juli-senteret

Over 105.000 menneske har besøkt 22. juli-senteret i Høgblokka sidan det opna for to år sidan. Det er fleire enn vi rekna med, seier kommunalministeren.

Undersøking: Terrorfrykt påverkar reiseplanane for mange

Nesten halvparten av dei spurde i ei undersøking svarar at terrorfrykt har påverka reiseplanane deira i sommar. Tyrkia er nesten heilt ute som feriedestinasjon.