Nedgang i talet på tvangsutsendingar første halvår

2.825 personar har blitt transporterte ut med tvang frå Noreg i første halvår i år. Det er ein nedgang på 29 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Tala frå Politiets utlendingseining (PU), viser at det i same periode i fjor var transportert ut 3.962 personar med tvang frå Noreg.

I første halvår i år var 1.066 av dei tvangsutsende kriminelle og straffa personar. Det er ein liten auke samanlikna med første halvår i fjor, då 1.031 straffa blei sende ut av landet med tvang. Uttransport av kriminelle utgjer 37 prosent av alle uttransporteringane, noko som er ein auke på 11 prosentpoeng frå i fjor.

Av dei straffa som har blitt transportert ut så langt i 2017 hadde 21 prosent statsborgarskap frå Romania, 14 prosent var polske statsborgarar og 9 prosent var frå Litauen.

Totalt 2.091 av dei returnerte er transporterte ut etter bort- og utvisingsvedtak, mens 495 er returnert etter avslag på asylsøknader, og 239 er returnerte som følgje av Dublin III-forordninga, altså at vedkommande er sendt tilbake til det EU-landet personen først kom til.

Utlendingsdirektoratet (UDI) har ansvaret for assistert retur, tidlegare kalla frivillig retur. Assistert retur er ikkje inkludert i statistikken til PU.

(©NPK)

Siste nyhende

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Ordførarar i Hedmark vil ha eiga ulveundersøking

Ordførarane i Trysil og Elverum har så liten tillit til regjeringa at dei vil bruka pengar på eit alternativt forskingsprosjekt om genane til den norske ulven.

Overraskande stor interesse for 22. juli-senteret

Over 105.000 menneske har besøkt 22. juli-senteret i Høgblokka sidan det opna for to år sidan. Det er fleire enn vi rekna med, seier kommunalministeren.

Undersøking: Terrorfrykt påverkar reiseplanane for mange

Nesten halvparten av dei spurde i ei undersøking svarar at terrorfrykt har påverka reiseplanane deira i sommar. Tyrkia er nesten heilt ute som feriedestinasjon.