No kan du skrive "gusjegul" og "gaselle" 

Språkrådet kjem med nye rettskrivingsvedtak med eit mål om at språkbrukarar skal skrive korrekt norsk. 

Det er Språkrådet som avgjer kva som er rett og feil i norsk rettskriving. No har rådet komme med nye vedtak som mellom anna gjer at grunnstoff frå rutherfordium til oganesson får vedtatte skrivemåtar på norsk. Dette skjer etter initiativ frå ein kjemikar, og direktør i språkrådet Åse Wetås seier dei er glade for at fagmiljøa tar initiativ.

– Det er med på å styrke posisjonen til norsk språk, særleg på fagfelt der engelsk er mykje brukt.

To av endringane er i tillegg at det no skal heite gusjegul og gaselle, mens det før heitte gursegul og gasell. Wetås seier målet er at det skal vere enkelt for språkbrukarane å skrive korrekt norsk.

– Vi observerer språket i bruk og gjer vedtak om rettskriving for enkeltord der det trengst, slik at det skal vere lettare å skrive korrekt.

(©NPK)

Siste nyhende

Sakna tysk fisketurist funnen i god behald i Kvinnherad

Ein tysk fiskar i 40-åra vart natt til måndag funnen i god behald etter ein stor leiteaksjon ved Eidsvikøy i Hordaland.

Gjeldsfristen til Norske Skog utsett i éi veke

Fristen for Norske Skog for å komme til semje med kreditorane er utsett til 23. august, opplyser selskapet i ei børsmelding fredag kveld.

Kvinne drukna på Sunnmøre

Ei kvinne har mista livet i ei drukningsulykke i samband med setting av garn på Ellingsøy i Møre og Romsdal.

Erna Solberg opna Mela-festivalen

Statsminister Erna Solberg opna Mela-festivalen i Oslo.

Ombodet støttar NRK i hijab-saka

Likestillings- og diskrimineringsombodet har fått over 60 meldingar om hijab-bruk i NRK-programmet «Faten tar valet», men meiner kanalen ikkje diskriminerer.