Sp: Regjeringa sviktar norsk matproduksjon

– Regjeringa har feila når det gjeld å satse på norsk mat, seier Geir Pollestad i Senterpartiet etter brotet i forhandlingane om jordbruksoppgjeret.

Stortinget vedtok nye mål for jordbruket tidlegare i vår. Landbrukspolitisk talsperson i Senterpartiet Geir Pollestad (Sp), som er leiar i næringskomiteen, meiner regjeringa ikkje har følgt føringane frå Stortinget.

– Det er overraskande at staten ikkje har klart å innfri dei klare føringane Stortinget har gitt om jordbrukspolitikken, mellom anna om at inntektsgapet mellom bønder og andre grupper skulle reduserast, kommenterer Pollestad.

Jordbruksoppgjeret skal no til behandling i Stortinget. Det blir høyring i næringskomiteen onsdag 24. mai, og saka kjem opp til behandling i Stortinget den 16. juni.

– Den manglande viljen hos regjeringa til å prioritere norsk matproduksjon er sterkt beklageleg, og derfor må Stortinget no ta ansvar, seier Pollestad.

Talsperson for Miljøpartiet Dei Grøne Une Bastholm er ikkje overraska over at bøndene braut forhandlingane.

– Jordbruksoppgjeret er ikkje berre lønnsoppgjer for norske bønder, men òg avgjerande for den norske mattryggleiken. Derfor treng vi ein landbrukspolitikk som tar langt betre vare på små og mellomstore bruk over heile landet, seier Bastholm.

(©NPK)

Siste nyhende

Sterkt resultat for Statoil redda Oslo Børs 

Takka vere eit svært godt kvartalsresultat for Statoil enda hovudindeksen på Oslo Børs på 732,82 poeng, ein marginal oppgang på 0,04 prosent.

Politiet etterforskar samanhengen mellom fleire skyteepisodar i Oslo

Politiet meiner det kan vere ein samanheng mellom dei to skyteepisodane i Oslo torsdag – og skyteepisoden laurdag. 

16-åring død etter valdsepisode på Holmlia

Ein 16 år gammal gut er død etter at han blei utsett for ei valdshending nær Holmlia skole utanfor Oslo i juni.

Fleire skademeldingar etter flaumen i Sogn og Fjordane

Forsikringsselskapet Gjensidige melder om fleire nye skademeldingar etter flaumen i Sogn og Fjordane. Dei fleste frå Stryn og Gloppen.

Kvinne (23) kritisk skadd etter knivstikkinga i Kristiansand

Det andre personen som vart knivstukken på Coop Obs i Kristiansand onsdag er kritisk skadd, opplyste politiet på ein pressekonferanse torsdag.