Høgre og Frp: Staten la eit godt tilbod på bordet

– Staten har lagt eit veldig godt tilbod på bordet og vist stor vilje til å strekkje seg i jordbruksforhandlingane, seier Gunnar Gundersen i Høgre etter brotet.

Det skil 1 milliard kroner mellom tilbodet frå staten og kravet frå bøndene. Næringspolitiske talsperson for Høgre Gunnar Gundersen meiner at tilbodet på 410 millionar kroner var eit godt tilbod.

– Det er openbert andre grunner som gjer at vi nå har fått eit brot, seier Gundersen.

Gundersen meiner at det er urimeleg at bøndene skal ha 9 prosents inntektsvekst når andre grupper i samfunnet kan vente seg omkring 3 prosent. Det siste tilbodet frå staten gav grunnlag for ein inntektsauke på om lag 4,5 prosent.

– Av respekt for samarbeidsavtalen med KrF og Venstre, som seier at avtaleinstituttet i jordbruket skal haldast i hevd, er vårt utgangspunkt å tilrå Høgre å stemme for det framlagde tilbodet, seier Gundersen.

Landbrukspolitisk talsmann i Frp Morten Ørsal Johansen vil òg rå si stortingsgruppe til å stemme for tilbodet frå staten.

– I ei tid der norsk økonomi er under press og fleire har mista jobben sin, er det trist at bøndene ikkje viser moderasjon, seier Johansen.

(©NPK)

Siste nyhende

Greenpeace protesterte mot oljeleiting i Barentshavet

Fem gummibåtar med Greenpeace-demonstrantar protesterte fredag mot leiteboringa Statoil gjer i Hoop-området i Barentshavet. Demonstrantar frå 19 land deltok. 

Stoltenberg skildra frykt og avmakt på 22. juli

Seks år etter det verste massedrapet i Noreg i fredstid fortel Jens Stoltenberg og Utøya-overlevande Lara Rashid om sine kjensler og opplevingar den dagen.

Ordførarar i Hedmark vil ha eiga ulveundersøking

Ordførarane i Trysil og Elverum har så liten tillit til regjeringa at dei vil bruka pengar på eit alternativt forskingsprosjekt om genane til den norske ulven.

Overraskande stor interesse for 22. juli-senteret

Over 105.000 menneske har besøkt 22. juli-senteret i Høgblokka sidan det opna for to år sidan. Det er fleire enn vi rekna med, seier kommunalministeren.

Undersøking: Terrorfrykt påverkar reiseplanane for mange

Nesten halvparten av dei spurde i ei undersøking svarar at terrorfrykt har påverka reiseplanane deira i sommar. Tyrkia er nesten heilt ute som feriedestinasjon.