Enda ein rekorddag på Oslo Børs

Oslo Børs heldt fram oppgangen tysdag, og hovudindeksen enda på 728,29 poeng, ein oppgang på 0,5 prosent.

Hovudindeksen har gått opp stort sett kvar dag sidan botnnivået 21. april, da indeksen låg på 683,02 poeng.

Blant dei mest omsette selskapa gjekk Statoil så vidt i raudt, aksjane sokk med 0,07 prosent. Dei neste selskapa på lista fekk betre tal, Norsk Hydro gjekk opp 1,2 prosent, Marine Harvest 2,6 prosent, DNB 0,07 og Telenor 1,0 prosent.

Børsvinnaren tysdag var African Petroleum Corporation, som hadde ein oppgang på 26,85 prosent, men utan at dei tok igjen tapet etter det store fallet dagen før.

Dei viktigaste europeiske indeksane hadde moderate endringar. Dax 30 i Frankfurt og CAC 40 i Paris gjekk ned med høvesvis 0,2 og 0,4 prosent. FTSE 100 i London steig med 0,9 prosent.

Prisen på nordsjøolje låg tysdag ettermiddag på 51,79 dollar fatet. Eit fat amerikansk lettolje vart omsett for 48,76 dollar.

(©NPK)

Siste nyhende

Budsjettavtale i hamn

Dei fire partia på borgarleg side er einige om statsbudsjettet for neste år.

Nærare løysing om budsjettet

KrF har rydda interne avklaringar av vegen. Dei fire partia på borgarleg side møttest onsdag ettermiddag til det som kan bli det siste budsjettmøtet i haust.

Støre til LO: De svikta, de òg

Ap-leiar Jonas Gahr Støre meiner at LO òg må gå i seg sjølv etter valnederlaget. Framover skal Ap snakke meir om det folk er opptatt av – særleg innvandring.

Steile frontar til siste dag i klimarettssaka

Tildelinga av lisensar for oljeleiting i Barentshavet må dømmast ugyldig, krev miljøorganisasjonane som har saksøkt staten for brot på Grunnlova. 

Ekstremvêr på veg – NVE ber folk i nord førebu seg på straumbrot

Folk i Nordland og Troms blir bedt om å førebu seg på at ekstremvêret Ylva kan føre til straumbrot.