Bøndene håper Stortinget kjem med meir pengar

Stor avstand førte til brot i jordbruksforhandlingane. No håper bondeorganisasjonane at Stortinget bidrar med meir pengar. 

– Vi har hatt utfordringar med veksande arbeidsløyse, og i ei slik tid meiner eg at jordbruket som andre må vise den same moderasjonen. Eg var likevel innstilt på å gi bøndene høgare inntektsutvikling enn andre grupper. Men vi kan ikkje gi bøndene 9 prosents inntektsutvikling når andre grupper kan forvente 3, konstaterer landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) overfor NTB.

Både Landbruksdepartementet og jordbruksorganisasjonane stadfesta tysdag brotet i jordbruksforhandlingane. Partane har forhandla sidan 5. mai og på overtid sidan 15. mai. Det første tilbodet frå staten hadde ei ramme på 410 millionar kroner. Det siste tilbodet før brotet var på 550 millionar kroner, mens bøndene opphavleg la fram eit krav på 1,45 milliardar kroner.

– Bøndene bør endre marknadsbalansen

Landbruksministeren er svært overraska over at organisasjonane seier nei. Avtalen kunne ha gitt bøndene ein inntektsauke. Han meiner bøndene sjølve kan endre marknadsbalansen og auke si eiga inntekt ved blant anna å regulere overskotsproduksjon.

Organisasjonane har ei heilt anna oppfatning av tilbodet. Forhandlingsleiar og leiar i Norges Bondelag Lars Petter Bartnes seier til NTB at regjeringa med tilbodet sitt for å regulere marknadsbalansen bommar når dei ikkje skil mellom dei ulike produksjonane.

– Staten har lagt inn 350 millionar kroner som eit potensial for å betre marknadsbalansen. Vi veit at i produksjon av korn, storfekjøtt og mjølk har vi både produksjonsmoglegheiter og fin marknadsbalanse, slik at det å legge inn heile den potten og å stoppe inntektsutviklinga for til dømes storfekjøtt, det er vi ikkje for, konstaterer Bartnes.

– Vil tette inntektsgapet

Bondeorganisasjonane krev at inntektsgapet til andre grupper blir tetta, og håpte på at oppgjeret skulle gi eit vesentleg løft for dei små og mellomstore bruka. Leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag meiner at regjeringa manglar vilje til å følgje opp Stortingets vedtak om eit nytt inntektsmål for jordbruket.

– Det er jo no vi skal operasjonalisere det inntektsmålet. Det siste tilbodet på 550 millionar kroner var ikkje tilstrekkeleg i det heile tatt. Da fall jo både det å kunne inngå ein avtale for inntektsmålet og det å samtidig rette opp i dette med feilfordeling, forklarer Furuberg.

Vidare til Stortinget

Når jordbruksorganisasjonane no har brote forhandlingane, går tilbodet frå regjeringa vidare til Stortinget, som skal vedta jordbruksoppgjeret. Furuberg håper på ei betre løysing i Stortinget.

– Det må det bli, fordi Stortinget har sagt at inntektsgapet skal tettast. Viss vi skal komme opp til ei kronemessig lik utvikling som andre, da må vi ha 805 millionar, seier ho.

Det statlege tilbodet i oppgjeret har ei høgare ramme enn sluttresultatet som Bondelaget aksepterte i fjor og året før, men er langt under kravet på 1,45 milliardar kroner.

(©NPK)

Siste nyhende

Unikt funn av gullring i Bergen

 I Kong Oscars gate i Bergen har arkeologane dei siste vekene gjort fleire funn, toppa av ein gullring frå mellomalderen med det som truleg er ein ametyst.

Nedgang avslutta positiv børsveke

Nedgang for store selskap som Statoil og Marine Harvest førte til fall på Oslo Børs fredag. Hovudindeksen enda på 718,74 poeng, ned 1 prosent.

DNB droppar bank i butikk

DNB legg ned sitt tilbod om å få utført banktenester i rundt 1.100 butikkar.

Kampfly nummer fem levert til Noreg

Det femte av inntil 52 F35 kampfly vart overlevert til det norske luftforsvaret i Arizona i USA 25. mai. Men det kjem ikkje heim enno.

14 års fengsel for hovudmannen bak P-husdrapet i Oslo

Hovudmannen bak drapet i eit parkeringsanlegg på Grønland i Oslo i 2014 er i lagmannsretten dømd til 14 og eit halvt års fengsel.