Regjeringa vil skjerpe straffa for smittekriminalitet

Regjeringa vil heve straffenivået for grov smitteoverføring frå tre til seks års fengsel. Samtidig skal det meir til for å bli straffa etter dette forslaget.

Regjeringa foreslår også å heve straffenivået for det som blir kalla allmennfarleg smitteoverføring til 15 års fengsel. Denne føresegna rettar seg mot forsettleg smittespreiing gjennom luft, vatn, næringsmiddel eller andre «gjenstandar bestemt for alminneleg bruk eller sal», ifølgje proposisjonen.

Allmennfarleg smitteoverføring kan også bli ramma av terrorlovgjevinga, som har ei øvre strafferamme på 30 års fengsel, dersom det har skjedd i terrorhensikt.

«Ordinær» smitteoverføring – grov eller grovt aktlaus – omfattar som oftast sjukdomssmitte mellom to eller fleire personar, som hivsmitte ved seksuell omgang der det ikkje er gitt samtykke eller tatt smitteførebyggjande grep.

Smitteoverføringa må i begge tilfelle utgjere fare for liv eller helse for at den skal vere straffbar. Også forsøk på smitteoverføring som utgjer fare for liv og helse er straffbar.

Samtidig ønskjer regjeringa å fjerne straffansvar for aktlaus smitteoverføring, men hevar derimot øvre strafferamme for grov aktlaus smitteoverføring til seks års fengsel.

(©NPK)

Siste nyhende

Noreg får sitt første elfly til sommaren

Til sommaren får Noreg sitt første elfly. Målet er ifølgje Avinor at Noreg skal bli den første marknaden der elektriske fly tar ein betydeleg marknadsdel.

Ny rettsrunde om tilsetjingar i Norwegian

Etter at flyselskapet tapte mot dei tilsette i tingretten, vil Norwegian ha omkamp i lagmannsretten for å avklare om dei er reell arbeidsgjevar.

Nordlandsbanen stengt

Strekninga Bolna-Lønsdalen på Nordlandsbanen er stengt grunna fare for ras, melder Bane Nor fredag morgon.

Stor lekkasje i Oslo fylte kjellarar med vatn

Ein stor vasslekkasje gav store skadar i fleire næringsbygg i Nydalen i Oslo natt til fredag. Ei hovudvassleiing som rauk, var årsaka.

Mikroparti vil endre norsk økonomi etter islamsk modell

Det nystifta Rettferdspartiet vil droppe den økonomiske modellen vi har i dag med renter og kreditt og basere seg på ein økonomisk modell henta frå islam.