Regjeringa vil kjøpe fire nye ubåtar til 41,4 milliardar kroner

Regjeringa ber Stortinget godkjenne kjøp av fire nye ubåtar med ei kostnadsramme på 41,37 milliardar kroner. 

Det har tidlegare vore anslått at prisen for dei fire båtane, med våpen, kaianlegg, opplæring og vedlikehald, kom på vel 30 milliardar kroner.

Summen inkluderer meirverdiavgift, avsetningar for uvisse og gjennomføringskostnadar.

Båtane skal byggjast ved det tyske verftet ThyssenKrupp Marine Systems. Planen er at dei nye ubåtane blir fasa inn frå 2026, mens dei gamle skal fasast ut frå 2028.

Ubåtane vil vere basert på det tyske 212-designet som allereie er i teneste både i Italia og Tyskland.

(©NPK)

Siste nyhende

Hareide: Mogleg siste forhandlingsmøte denne veka

Forhandlingsmøtet om regjeringsspørsmålet onsdag kan bli det siste før KrF eventuelt vel å gå i opposisjon, seier partileiar Knut Arild Hareide.

Lik kostnad for ny og brukt hytte

Kostnadspress i byggjebransjen og eit stort overskot av tomter gjer det like økonomisk attraktivt å byggje hytte som å kjøpe brukt, ifølgje Prognosesenteret.

Fleire tomme hotell i Bergen under sykkel-VM

Nær fire av ti hotellrom i Bergen stod tomme i VM-veka, men høge priser kan ha redda bedriftene.

Forskar fryktar kommunane er uførebudde på eldrebølgja

Forskar Einar Vetvik fryktar norske kommunar ikkje har planlagt godt nok for eldrebølgja. – No er det alvor, bølgja er her allereie, seier han.

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.