No startar bjørkepollensesongen 

Dei første pollenkorna frå bjørk er funne i Oslo og Kristiansand, og astmatikarar og allergikarar må førebu seg på pollensesong for alvor.

Norges Astma- og Allergiforbund har i 40 år kome med daglege nasjonale pollenvarsel i sesongen. Det første varselet om beskjeden spreiing av bjørkepollen frå laurdag er allereie sendt ut. Det betyr at rundt ein million nordmenn no går ei tøff tid i møte.

Bjørkepollenet er verstingen, ifølgje pollenforskar Hallvard Ramfjord i Norges Astma- og Allergiforbund.

– Bjørka er verstingen fordi den finst over heile landet i forskjellige variantar. Det vil seie at pollenet er overalt. I tillegg spreier den mykje pollen, og det er også mykje allergen i pollenet. Bjørkepollenet er derfor ganske heftig, forklarar Ramfjord.

Dersom det blir fint, mildt vêr med høge temperaturar dei nærmaste dagane kan spreiinga auke ganske fort. Forbundet anbefaler derfor at dei som brukar medisinar, startar opp med ein gong dersom dei ikkje allereie har begynt.

– Medisinane har ikkje full effekt før etter cirka ein veke, men du vil ha noko effekt med ein gong, seier Anna Bistrup, helsefagleg rådgjevar i Astma- og Allergiforbundet.

Bjørkepollensesongen vil vare i omtrent tre veker. Det vil framleis gå noko tid før spreiinga startar lenger nord i landet.

(©NPK)

Siste nyhende

Ny rettsrunde om tilsetjingar i Norwegian

Etter at flyselskapet tapte mot dei tilsette i tingretten, vil Norwegian ha omkamp i lagmannsretten for å avklare om dei er reell arbeidsgjevar.

Nordlandsbanen stengt

Strekninga Bolna-Lønsdalen på Nordlandsbanen er stengt grunna fare for ras, melder Bane Nor fredag morgon.

Stor lekkasje i Oslo fylte kjellarar med vatn

Ein stor vasslekkasje gav store skadar i fleire næringsbygg i Nydalen i Oslo natt til fredag. Ei hovudvassleiing som rauk, var årsaka.

Mikroparti vil endre norsk økonomi etter islamsk modell

Det nystifta Rettferdspartiet vil droppe den økonomiske modellen vi har i dag med renter og kreditt og basere seg på ein økonomisk modell henta frå islam.