Fleire fjellovergangar opna for kolonnekøyring

To fjellovergangar er framleis stengde på grunn av uvêr, men fleire er fredag morgon opne for kolonnekøyring.

Riksveg 7 over Hardangervidda er framleis stengt på grunn av uvêr. Det same gjeld riksveg 6 over Saltfjellet i Nord-Noreg, opplyser Statens vegvesen.

På fylkesveg 50 Hol-Aurland, fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 13 over Vikafjellet er det opna for kolonnekøyring etter at strekningane har vore stengde på grunn av vêret.

Også på europaveg 134 over Haukelifjell på strekninga Vågslidtunnelen – Liamyrane bom er det innført kolonnekøyring.

Riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er førebels open, men med svært vanskelege køyreforhold. Vegvesenet åtvarar derfor om at kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.

Fylkesveg 51 over Valdresflya i Oppland er stengt og blir ikkje opna i dag på grunn av uvêret.

Årsaka til vårstormen er lågtrykksaktiviteten i Norskehavet som gir store delar av landet ei fuktig, skya og kjølig helg. Det blir mykje byevêr frå Vestlandet og heilt nord til Troms.

(©NPK)

Siste nyhende

Hareide: Mogleg siste forhandlingsmøte denne veka

Forhandlingsmøtet om regjeringsspørsmålet onsdag kan bli det siste før KrF eventuelt vel å gå i opposisjon, seier partileiar Knut Arild Hareide.

Lik kostnad for ny og brukt hytte

Kostnadspress i byggjebransjen og eit stort overskot av tomter gjer det like økonomisk attraktivt å byggje hytte som å kjøpe brukt, ifølgje Prognosesenteret.

Fleire tomme hotell i Bergen under sykkel-VM

Nær fire av ti hotellrom i Bergen stod tomme i VM-veka, men høge priser kan ha redda bedriftene.

Forskar fryktar kommunane er uførebudde på eldrebølgja

Forskar Einar Vetvik fryktar norske kommunar ikkje har planlagt godt nok for eldrebølgja. – No er det alvor, bølgja er her allereie, seier han.

Forbrukarar får betre vern ved pakkereiser dei sjølv set saman

Eit nytt pakkereisedirektiv blei fredag innlemma i EØS-avtalen, og gir forbrukarane betre vern ved bestilling av pakkereiser dei sjølv set saman.