Sp og Ap mest fram på Rogaland-måling

Senterpartiet gjer ei kanonmåling i Rogaland samanlikna med stortingsvalet i 2013. Også Ap aukar oppslutninga i fylket, mens Frp fell markant.

Sp er verkeleg i medvind om dagen og får ei oppslutning på 10,1 prosent på målinga som Sentio har utført på oppdrag for Høgre. Ved stortingsvalet fekk partiet ei oppslutning på berre 5,2 prosent i Rogaland. Dersom målinga hadde vore stortingsvalresultatet, ville partiet dobla talet på mandat frå eitt til to i fylket.

Ap aukar oppslutninga frå 22,6 til 25,7 prosent og ville sikra seg ein fjerde representant frå Rogaland på Stortinget med eit slikt valresultat.

Høgre fell marginale 0,8 prosentpoeng til 29,3 prosent, men verre går det med regjeringspartnar Frp som gjorde eit brakval i Rogaland med 18,7 prosents oppslutning for tre og eit halvt år sidan. Partiet fell 5,1 prosentpoeng og ville mista eitt av sine tre mandat på Rogaland-benken.

Feilmarginen ligg i intervallet 4,3 prosentpoeng for Høgre og 0,6 prosentpoeng for Pensjonistpartiet.

Dei andre partia får slik oppslutning på målinga samanlikna med valresultatet i Rogaland i 2013: KrF: 9,2 prosent (-1,4 prosentpoeng), Venstre 4,0 (-0,5), SV 3,3 (0,0), MDG 2,1 (-0,1), Raudt 0,9 (0,5), Pensjonistpartiet 0,5 (0,0), Dei Kristne 0,0 (-1,0), andre parti 1,3 (0,7).

(©NPK)

Siste nyhende

Unikt funn av gullring i Bergen

 I Kong Oscars gate i Bergen har arkeologane dei siste vekene gjort fleire funn, toppa av ein gullring frå mellomalderen med det som truleg er ein ametyst.

Nedgang avslutta positiv børsveke

Nedgang for store selskap som Statoil og Marine Harvest førte til fall på Oslo Børs fredag. Hovudindeksen enda på 718,74 poeng, ned 1 prosent.

DNB droppar bank i butikk

DNB legg ned sitt tilbod om å få utført banktenester i rundt 1.100 butikkar.

Kampfly nummer fem levert til Noreg

Det femte av inntil 52 F35 kampfly vart overlevert til det norske luftforsvaret i Arizona i USA 25. mai. Men det kjem ikkje heim enno.

14 års fengsel for hovudmannen bak P-husdrapet i Oslo

Hovudmannen bak drapet i eit parkeringsanlegg på Grønland i Oslo i 2014 er i lagmannsretten dømd til 14 og eit halvt års fengsel.