Kolberg: Veldig alvorleg at Politidirektoratet feilinformerte

Kontrollkomiteleiar Martin Kolberg ser svært alvorleg på at Politidirektoratet feilinformerte departementet om oppfølginga av instruksen om terrorsikring.

Sterke motsetningar og spent stemning prega den første av den to dagar lange høyringa til Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité om terrorsikring måndag.

Bakgrunnen for høyringa er denne: Den 1. januar 2011 kom ein ny instruks om betre terrorsikring. Fire år seinare, i 2015, var det framleis "svært alvorlege" manglar i politiets og Forsvarets evne til å sikre bygningar og infrastruktur i ein trusselsituasjon, ifølgje Riksrevisjonen.

Høyringa vart innleidd med toppsjefane i Forsvaret, Heimevernet, politiet, Nasjonalt tryggingsorgan, og til sist tidlegare justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp). Tysdag er det forsvarsminister Ine Eriksen Søreide (H), Anundsens etterfølgjar Per-Willy Amundsen (Frp) og statsminister Erna Solberg (H) som skal forklare seg.

Det kontrollkomiteen vil ha svar på, er kvifor dette arbeidet har tatt så lang tid.

– Veldig alvorleg

Anundsen peikte i høyringa på at departementet i hans tid som statsråd ikkje var klar over at instruksen ikkje var følgt godt nok opp før Riksrevisjonen påpeikte alvorlege manglar i sin rapport. Det var også grunnen til at dette ikkje vart gripe fatt i tidlegare. At Politidirektoratet gav feil informasjon til departementet, viser svakheiter og risikofaktorar, innrømde den tidlegare statsråden.

At departementet vart feilinformert om den reelle situasjonen, er komitéleiar Martin Kolberg svært kritisk til.

– Det kom veldig tydeleg fram av det Anundsen har sagt, at dei vart feilinformerte frå Politidirektoratet. Det er veldig alvorleg på eit så alvorleg og følsamt område, konstaterte Martin Kolberg då han runda av første høyringsdag.

Den tidlegare Frp-statsråden hadde då bekrefta at han meiner Riksrevisjonens framstilling er korrekt, og at oppfølginga av instruksen om betre terrorsikring var hans konstitusjonelle ansvar då han sat som statsråd.

– Eg håpar vi kan ta lærdom av at sjølv om det blir gjennomført mykje og det blir gjort eit stort stykke arbeid, så er det alltid ein risiko for at noko glepp, sa Anundsen.

Rykande ueinige

Anundsen meiner elles at den generelle beredskapen aldri har vore betre enn den er no. Tidlegare på dagen var både forsvarssjefen og politidirektøren rykande ueinige i Riksrevisjonens påstand om manglande evne til terrorsikring.

– Eg deler ikkje Riksrevisjonens vurdering av at Forsvaret ikkje er i stand til å sørgje for skikkeleg objektsikring. Vi har kunnskap, kompetanse og materiell til å beskytte kvart eit objekt, slo forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen fast.

– Politiet har aldri samarbeidd meir eller betre med Forsvaret. Riksrevisjonen har ikkje tatt tilstrekkeleg omsyn til dette arbeidet i sine konklusjonar, påpeikte politidirektør Odd Reidar Humlegård.

– Når det gjeld sikringsverdige objekt, har vi prioritert dei viktigaste bygga, og dei er no innanfor ein gullstandard, slo han fast i høyringa.

Bruun-Hanssen erkjenner likevel at arbeidet med terrorsikring har tatt tid, og at arbeidet har vore betydeleg meir omfattande enn nokon såg for seg då forskrifta kom i 2011. Det la også direktør for Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) Kjetil Nilsen vekt på i sitt vitnesbyrd til komiteen.

(©NPK)

Siste nyhende

Solberg legg til rette for Venstre med små endringar

Neste gong statsminister Erna Solberg (H) presenterer eit nytt mannskap på Slottsplassen, kan det vere med tre statsrådar frå Venstre.

Solberg lunken til kravet om eigen bistandsminister

Statsminister Erna Solberg (H) antydar at tida har sprunge frå ideen om ein egen utviklingsminister.

Hareide: Utanriksministeren burde sloppe bistandsbudsjettet

Mange tunge utanriksoppgåver ventar den nyutnemnde Ine Eriksen Søreide (H). KrF meiner ho burde ha sloppe å forvalte 35 milliardar bistandskroner.

Grande synest det er «veldig kult» med nye kvinnelege statsrådar

– Det er veldig kult at vi no har både kvinneleg statsminister, finansminister og utanriksminister, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. 

Sp: Søreide burde fått heile Utanriksdepartementet

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner Erna Solberg burde droppa ein ny EU-minister og latt Ine Eriksen Søreide ta over heile Utanriksdepartementet.