Kjerstin Owren blir mobbeombod i Oslo

Oslo er den første kommunen i landet som tilset eit mobbeombod. Kjerstin Owren skal førebyggje mobbing i barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring. 

– Først og fremst skal eg vere representant for barna og elevane i Oslo, og eg vil vere tilgjengeleg for rådgjeving og oppfølging i samband med vanskelege mobbesaker for dei som har behov, seier Kjerstin Owren.

Owren er utdanna adjunkt og kjem frå stillinga som undervisningsinspektør ved Holmlia skule.

– Ho er ein svært kompetent person som har dei erfaringane og kvalitetane som er nødvendig, seier Oslo-ordførar Marianne Borgen, som har leidd tilsettingsutvalet.

Mobbeombodet er tilsett på åremål i ein periode på seks år. Ombodet er bystyrets ombod for barnehagebarn og elevar i kommunen og skal jobbe uavhengig av administrativ og politisk leiing i kommunen.

(©NPK)

Siste nyhende

Sp vil endre valordninga 

På Senterpartiets landsmøte i helga vil partiet truleg gå inn for ei valordning som inneber fleire stortingsmandat til distrikta på kostnad av Oslo.

Leiteaksjon etter 14-åring i Skien

Politiet og mannskap frå Røde Kors leitar etter ein 14 år gammal gut som har vore sakna i Skien sidan torsdag kveld.

Norske vektarar redda nesten 300 liv i fjor

Norske vektarar redda i fjor 285 liv på landsbasis, viser nye tal.

Filmkritikerprisen til "Kongens nei"

Erik Poppe-filmen "Kongens nei" tok heim Filmkritikerprisen 2017 for beste norske langfilm.

Sp-forslag om politireforma stemt ned etter tur

Ingen av forslaga frå Senterpartiet om å styrkje lensmannskontora fekk fleirtal i Stortinget torsdag. Sps Jenny Klinge er særleg skuffa over Venstre.