Biblioteka kan stå utan felles ebokavtale frå nyttår

(NPK-NTB): Frå nyttår kan norske folkebibliotek bli ståande utan ein felles avtale om innkjøp av e-bøker. Samtidig kan mange eldre e-bøker forsvinne.
innenriks

Det skjer etter at Kulturrådet seier nei til ein ny innkjøps- og utlånsmodell.

– Eg er veldig overraska over at Kulturrådet seier nei til den nye modellen. Det kan innebere at frå årsskiftet må det enkelte bibliotek forhandle med kvart enkelt forlag om innkjøp av e-bøker, seier administrerande direktør Kristenn Einarsson i Forleggerforeningen til NTB.

Den eksisterande prøveavtalen om ebokinnkjøp gjekk ut ved årsskiftet, og er forlengd ut dette året i påvente av den nye modellen. Kulturrådet seier nei til den blant anna fordi dei meiner den nye modellen vil gå utover den litterære breidda.

Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre seier at han no må ta ein ny runde med Kulturdepartementet for å sjå kva som skal gjerast vidare.

– Vi har laga eit forslag til modell der vi føreslår endringar. Det har Kulturrådet sagt nei til, og det må vi berre stelle oss til. Vi fekk mandatet vårt frå Kulturdepartementet, og vil no måtte ta ein runde med dei og sjå kva vi skal gjere no, for den modellen vi har føreslått eksisterer ikkje lenger, seier Myhre. (©NPK)