Vi veit at aldersgruppa over 80 år vil auke kraftig i åra som kjem. Det syner blant anna framskrivingar frå Statistisk sentralbyrå og NAV si omverdsanalyse. Dette temaet tek også Fylkesmannen i Sogn og Fjordane opp i fylkesmannsbloggen. Prognosar syner ei årleg auke i aldersgruppa frå 80 år og oppover på meir enn 50 prosent frå 2017 til 2040 i Sogn og Fjordane. Ein stad i livet der svært mange treng hjelpemiddel og omsorgstenester. Dette vil ikkje berre utfordre NAV Hjelpemiddelsentral, men i høgste grad også kommunane.

Tverrfagleg samarbeid i kommunen

Mange ønskjer å bu heime så lenge som mogeleg, men berre om lag ein prosent av bustadmassen i landet er tilgjengeleg for personar med redusert funksjonsevne. Mange av dei eldre vil difor ha behov for å få tilpassa bustaden sin. Det er viktig at kommunen er tidleg ute i planlegginga, både når ein skal bygge nye og utbetre gamle bustader. Tverrfagleg samarbeid i kommunen er ein føresetnad for å få gode tilgjengelege bustadar for framtida. Gode løysingar bidreg til mindre behov for heimetenester og omsorgsbustader.

Meir for mindre

Vi må gjere meir for mindre og få fleire i arbeid i tida framover. Fleire pensjonistar gir mindre skatteinntekter til felleskassa og er ei utfordring for velferdsordningane våre. Vi må effektivisere og forenkle måten vi jobbar på. Mellom anna må vi ta i bruk teknologiske løysingar som kan vere med å frigjere ressursar.

Det er viktig at også kommunane førebur seg og planlegg korleis dei skal møte veksten av hjelpemiddelbrukarar. Dei vanlegaste hjelpemidla til dei eldre skal kompensere for varig nedsett funksjon. Desse sakene krev mykje oppfølging frå kommunane. Mange eldre har også behov for syns-/og hørselstekniske hjelpemiddel som krev kompetanse. I desse sakene er kommunane avhengig av hjelp frå hjelpemiddelsentralen.

Fleire i jobb

Undersøkingar syner at sysselsettinga er stabilt låg for dei funksjonshemma, mange av desse ønskjer å vere i jobb. Vi må starte tidleg med å inkludere, skape mestring og legge til rette for deltaking for born og unge, både i utdanning og arbeid. Vi må få til gode overgangar i skulen slik at ingen ramlar ut. Om lag 820 (8%) av dei som brukar hjelpemiddel aktivt i fylket vårt er barn under 18 år. Denne gruppa har store og samansette hjelpebehov og er avhengig av eit godt og koordinert hjelpemiddelsystem for å sikre barnet sin mogelegheit for deltaking.

Eit samordna hjelpeapparat vil bidra til at foreldra har betre føresetnader til å vere i jobb.

God kompetanse er viktig for brukarane

NAV Hjelpemiddelsentral har eit godt samarbeid med kontakt- og fagpersonane i kommunane, men vi opplever at kompetansen varierer innafor dei ulike fagområda; rørsle, syn, hørsel, IKT/kommunikasjon, kognitive og tekniske tenester. I mange kommunar er det nødvendig med eit kompetanseløft.

NAV Hjelpemiddelsentral er opptekne av å ikkje berre løyse enkeltsaker, men å dele og utvikle kompetanse med kommunane slik at brukarane får eit endå betre tilbod. Det er viktig for brukarane at kommunane har ei kompetent førstelinje som kan følgje opp og tilby tenester som er tilpassa brukar sine behov. Skal vi klare å møte eldrebølgja, pålegg frå myndigheiter, teknologisk utvikling og forventingar frå brukar, så må vi tenkje nytt rundt måten vi jobbar med hjelpemiddelformidlinga i Sogn og Fjordane.

Vi har starta nokre tiltak som vi trur kommunane vil ha nytte av: Frå februar har vi ein prøveordning på ny utvida bestillingsordning på enkle hjelpemiddel. Seks kommunar er i gang med digital samhandling. Det er også lagd ny e-læring og tilbod om fagkurs ute i kommunen.

Vi er nøydde til å forenkle og effektivisere arbeidsprosessar og tilpasse kompetansen til dei ulike ledda i formidlingsskjeden. Brukarane vil forvente meir saumlause og personlege tilpassa tenester gjennom bruk av digitale plattformer og/- sjølvbeteningsløysingar i tida framover. Dette betyr at må utvikle samhandlinga med kommunane.

Kommunane som no skal slå seg saman har eit godt utgangspunkt for å utvikle og få på plass sterke fagmiljø og kompetanse på hjelpemiddelområdet. Uansett kommunesamanslåing eller ikkje, vi bidreg gjerne saman med kommunane med vår kompetanse for å bygge ei god hjelpemiddelformidling for framtida.