No har 18 Bryggja-elevar søkt seg til Stårheim skule, åtte til Skavøypoll skule i Vågsøy og elleve elevar vil til private Kjølsdalen Montessoriskule. Resultatet vert ei splitta bygd.

For Vågsøy sin del kan det sjå ut til at det har gått prestisje i saka.

Eid-rådmannen meiner det er Vågsøy kommune som må ta kostnadane, medan rådmannen i Vågsøy fnyser og signaliserer at det er merkeleg at Eid no kjem med større økonomisk krav etter at ein allereie har inngått ei avtale at Vågsøy berre skal ta kostnadane for skulemateriell, skuleskyss, samt eventuelle kostnadar for spesialundervisning.

Vi trur Eid kommune var litt for raskt ute med å gjere ein avtale med Vågsøy. Her må det gjerast ein grundigare jobb. Samtidig kunne ikkje Eid kommune vite at det var så mange som 18 elevar som ville søkje seg til Stårheim skule.

No viser det seg at nettopp fordi det er så mange elevar som har søkt seg til Stårheim så er det behov for ein ekstra lærarressurs, noko Eid vil at Vågsøy skal betale. Det er underleg at Vågsøy-rådmannen ikkje forstår dette og at han skyv ansvaret frå seg. Det er ikkje meining i at Eid må ta heile belastninga. Det er sjølvsagt at Vågsøy må bidra med meir, og ta ansvar overfor barna som framleis er innbyggjarar i Vågsøy kommune.

Vi er glade for signala frå Sigurd Reksnes og Eid Sp som er positive til at kommunen bidrar til å oppretthalde skulen på Bryggja fram til 2020. Då hadde ein unngått ei splitta bygd, der ungane frå same bygda vert gåande på tre ulike skular i to kommunar.