Kvinneåret i 1975 vart til kvinnetiåret, før Høgrebølgja og jappetida kom. Mange hevar at dagen har utspelt si rolle.

Med Meetoo-kampanjen på dagsorden viser at vi framleis har ein veg å gå. Det er bekymringsfullt at det er så mange kvinner i politikk, teater, media og andre som ikkje har fått den respekt som ein bør, som vert utsett frå ei åtferd frå menn som vi ikkje ønskjer. Vi er ikkje i mål.

Jenter vel framleis yrke med mjukare verdiar og dårlegare løn. Ære vere dei for det – for med eldrebølgja som er venta må det vere nokon som tar seg av oss når vi vert gamle. Samtidig er det ein tankevekkjar at trass likestilling og kvinnekamp gjennom fleire tiår, så vel jenter framleis tradisjonelt i yrkesveg.

Det som før var viktige kamprop for mange kvinner er gløymt. Deling av arbeid, sekstimars arbeidsdag, økonomisk makt i samfunnet, engasjement eller erfaringar for kvinnesak fangar liten respons – trass i realiteten at kvinner framleis er dårlegare lønna enn menn.

Vi har ein veg å gå både med tanke på yrkesval, men også talet på kvinner som vel å vere aktive i lokalpolitikken. Det er ikkje akkurat noko å rope hurra for her lokalt. Fleire kvinner burde vere med å bestemme korleis vi skal ha det her i kommunen og kva prioriteringar som bør gjerast.

Ein annan grunn til at kvinnedagen ikkje må gløymast er den hets og mobbing som samfunnsdebattant Sumaya Jirde Ali opplever, og som hindrar henne i å snakke fritt på kvinnedagen. På grunn av massiv netthets trekk ho seg som talar under feiringa av kvinnedagen i Bergen. Dette er illevarslande. Ho representerer ei minoritetsgruppe i samfunnet som altfor ofte vert usynleggjort. Ytringsfriheita vår er trua. Presset mot denne unge kvinna bør gjere oss meir bevisste på menneskerettane som vi nordmenn kanskje tar for gitt.