I artikkelen viser Flatebø til at han har fått meldingar om dårleg leiing og belastande arbeidsmiljø i enkelte avdelingar i Eid kommune. Han går også langt i å hevde at tilsette ikkje vågar å stå fram av frykt for å misse jobben, at kommunen driv med latterleggjering og trugar med omplassering og oppseiing.

Eid kommune har ansvaret for å yte forsvarlege tenester til mange sårbare tenestemottakarar i ulike livsfasar og med ulike utfordringar. Det vert årleg ført fleire tilsyn med korleis kommunen yter desse tenestene, om kommunen har rett kompetanse og om tenestemottakarane får dei tenestene som dei etter lov og forskrifter skal ha. Dersom det vert oppdaga alvorlege avvik i tenesteytinga har kommunen ei plikt og eit ansvar til å reagere og rette opp.

Nokre tiltak kan handle om opplæring og fagleg rettleiing av tilsette, og det kan også handle om å stille nærare krav og forventningar til dei som skal yte tenestene. Oppfølging kan vere å utarbeide betre rutinar, planar og sikre betre dokumentasjon av ytingane som vert gitt.

Dersom tilsette ikkje tileignar seg rett kompetanse eller har dei rette personlege eigenskapane eller haldningane, må arbeidsgjevar i nokre tilfelle vurdere omplassering til andre oppgåver. Slike endringar kan i nokre tilfelle ligge innanfor arbeidsgjevar sin styringsrett, men i andre tilfelle kan endringane vere så store at det vil vere krav om ny arbeidsavtale (endringsoppseiing). I andre tilfelle kan avvika vere så alvorlege at tilliten mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar kan bli svekka.

Slike personalsaker vert handsama etter forvaltningslova og arbeidsmiljølova med førehandsvarsel og innkalling til drøftingsmøte. Slike saker kan til dømes ende i skriftleg åtvaring, omplassering, oppseiing eller avskjed.

Kommunen legg ikkje skjul på at personalsaker kan vere kompliserte og vanskelege å handtere for både den tilsette og arbeidsgjevar. Det er derfor viktig at slike saker vert behandla grundig før det vert teke ei avgjerd. Den tilsette skal få høve til å seie sitt og ein skal få høve til å ha med seg tillitsvald i drøftingsmøte med arbeidsgjevar. Eid kommune kan ikkje kommentere innhaldet i konkrete personalsaker eller andre personalmessige endringsprosessar i Fjordabladet. Det vil vi tru at Tormod Flatebø veit. Vi vil også tru at Flatebø veit at slike saker alltid har fleire sider.

Dei tilsette er Eid kommune sine viktigaste ressursar. Eid kommune ønskjer å vere ein god og attraktiv arbeidsgjevar. Dei tilsette skal ha handlingsrom og sjølvstende til å gjere ein god jobb, men dei skal også følgje dei overordna retningslinjene i kommunen, sikre at lovkrava i tenesteytinga vert følgt og ta ansvar. Tilsette skal halde seg fagleg oppdaterte, ta i mot rettleiing og ha tenestemottakarane i sentrum. Dersom det skjer kritikkverdige hendingar med direkte konsekvensar for tenestemottakarane så har alle tilsette plikt til å melde frå.