Kommunal- og moderniseringsdepartementet har ingen økonomisk draghjelp eller andre hjelpemiddel som kan løyse utfordringane for Bryggja skule.

Departementet har forståing for den vanskelege situasjonen som Bryggja skule er kome opp i, men kan ikkje hjelpe verken økonomisk eller på andre måtar.

Som ei alternativ løysing har Bryggja bygdeutviklingslag ønske om å få starte friskule. Eid-ordførar Alfred Bjørlo signaliserer at det luraste no er å følgje det sporet.

Mange ting må sjåast i samanheng på Bryggja. Det gjeld ikkje berre skulen, men også kva framtid barnehagen får.

Fjordly barnehage fekk nettopp ei topplassering i ein brukarundersøking, og hamna i godt selskap som ein av dei beste 45 barnehagane i landet.

I dag er det fleire foreldre som bur og jobbar i Måløy, som ikkje fekk sentrumsnær barnehageplass, og som nyttar Fjordly barnehage. Barnehagen treng ungane, og kva som skjer med barnehagen i nye Stad kommune er sjølvsagt foreldre og tilsette spente på.

Vågsøy kommune har for lengst vedtatt at dei ikkje har pengar til å sikre Bryggja skule. Eid og Selje kommune har konstatert at dei ikkje har sett av pengar i budsjettet til skulen på Bryggja. Det er heller ingen hjelp å få med Fylkesmannen.

Vi er redde for at politikarane gløymer å sette ungane i sentrum. I Selje diskuterer dei kjøp av kommunehus for 21 millionar kroner, og å bruke åtte millionar kroner på opprydding og kjøp av hotelltomt. Ein kan sjølvsagt stille spørsmål om dette er rett prioritering av pengar.

Med ny Stad kommune snakkar ein fint om å inspirere, motivere og inkludere alle innbyggjarane. Det er vel ingen tvil om at den største inspirasjonen til innbyggjarane i Bryggjaområdet ville vere at ein omprioriterte midlane sine for å sikre drift av Bryggja skule, og dermed ta på alvor folket på Bryggja. Det er ungane som er framtida vår.