Cruisetrafikken har dei seinare åra auka kraftig, særleg her på Vestlandet. Fokuset har vore mest på vekst, og lite på den samla negative belastninga på befolkning, miljø og naturmangfald. Eid Kommune har på storstilt vis kasta seg på cruisesatsinga, på tross av gjentekne negative omtalar dei seinare åra kring store problem knytt opp til forureining og manglande regulering av næringa. I Eid Kommune har vi i tillegg dei seinare åra hatt ei rivande sentrumsutvikling, der utbygging av nye områder allereie har fått stor påverknad på naturmangfaldet, som ein direkte konsekvens av tap av leveområde for plante og dyreliv.

Naturvernforbundet i Eid ser med sterk uro på kva denne hovudlause satsinga på auka aktivitet innan cruisenæringa kan føre til på sikt, og vi meiner at kommunar som med augo opne har involvert seg i denne satsinga, må ta sin del av ansvaret for kva konsekvensar dette kan få for miljøet. Dette ansvaret må kommunane sjølve forvente å makte å ta tak i og koste, då ein snart får byrje å innsjå, at ein ikkje lenger kan lene seg tilbake og overlate dette til sentrale styresmakter og komande generasjonar å rydde opp i.

Vi i Naturvernforbundet i Eid ser med undring og bekymring på den manglande interessa, og kanskje det mest alarmerande, ein mangel på viktig kompetanse innan klimaspørsmål frå lokale og sentrale politikarar. Trua på, at lokale styresmakter evnar å setje klima føre kortsiktige planar er med tida blitt heller minimal.

I seinare tid er der i tillegg fremma forslag, om kommersiell drift av sjøfly, i samband med cruisetrafikken. Dette for å frakte turistane mellom anløp hamner. Vi registrera igjen eit totalt fråvær av vurderingar kva påverknader ein slik trafikk vil få både på klimarekneskapen og for livet i fjordane våre og på land. Cruisetrafikk, auka turistbuss trafikk og sjøflysatsing kan kome til å koste kommunar meir enn det kjem til å smake på sikt, i forhold til støy og forureining. Vi lev i eit opplyst samfunn, der vi ikkje lenger kan skulde på manglande kunnskap omkring korleis luft og vassforureining påverkar oss sjølve, og alt liv rundt oss, for  å bort forklare kvifor vi gjer så lite gjennomtenkte val for framtida. Vi veit kva effekt dårleg luft og vasskvalitet samt støyforureining har på folkehelsa, og kor mykje dette kan påverke dei som skal bu i fjordlandskapet vårt, både no og for framtida.

Det grøne skiftet og klimaendringar er ikkje fine ord ein kan velje å trekke ut av hatten når det passar inn i ein politisk valkamp. Det er livsviktige val ein tek for framtida. God og langsiktig klimapolitikk og ei auke i, eller oppretthalden av, cruisetrafikken som den står fram i dag, kan ikkje gå hand i hand. Det er eit reknestykke som ikkje går opp uansett kor mykje ein prøvar å fuske seg til svaret. Vi kan bli fortalt høgt fykande fantasiar og visjonar om framtidig landstraum og utsleppsfrie skip, men vi veit vi er milevidt frå den verkelegheita i dag. Og skal vi nå klimamåla, så må vi evne å ta inn over oss realitetane som dei er i dag. Her må ein ha forstand nok til å starte i rett ende. Altså inga auke, men heller den strengast mogleg reguleringa av den cruiseturismen som er. Kven andre enn næringa sjølv vil ha meir av noko som allereie er eit problem? Vi meiner, at tida kanskje er komen for å stille så høge krav på land og i fjordnaturen vår, at rederia sjølv må byrje å ta eit stort ansvar. Det er tross alt vi som sit på forvaltaransvaret av kulturarven vår, og har all moglegheit for å legge dei strengast moglege føringane for kva som er greitt og ugreitt.

Alle kommunar SKAL arbeide for ein reduksjon av utslepp som er skadelege for klima og lokalmiljø. Dette er ikkje eit personleg val. Det er eit krav. Og som innbyggjar i ei kommune, må ein forvente at dette kravet vert teke på alvor, og kommunane vert pålagde å ta dette ansvaret. Vi ser ikkje korleis dette kravet kan bli ivareteke med ei forventa og planlagt auke i cruiseturismen. Om ein skal redusere klimagassar, korleis kan dette henge saman med ei total auke i cruisesatsinga, når cruise er ein av dei verste og største utsleppskjeldene av miljøgifter og forureining vi har?

Vi meiner, at det trengst eit krafttak for å utvikle kompetanse, strategiar og styringar for korleis lokalsamfunna på sikt kan omstille seg til å møte desse utfordringane i ein grønare og meir berekraftig retning. Kommunane må rett og slett lære seg å forstå kva verdi ein må setje på sårbar og livsviktig natur. Som cruiseindustrien står fram i dag, så er dette eit dårleg satsingsområde, for å nå målet med ei berekraftig og lønsam turistsatsing på sikt.

Vi må kunne forvente, at næring og kommunar vågar å stille seg sjølv desse kritiske spørsmåla. Dette for å unngå å gje eit inntrykk av, at næring og kommune ofte framstår som så samanfiltra, at ingen lenger ser skilnad på kven som høyrer til kva. Slikt vert det fort dårleg klimapolitikk av.

Vi i Naturvernforbundet i Eid har 10 spørsmål vi i ynskjer å få avklara

1.Vil tiltaket få konsekvensar for leveområda til sårbare eller truga arter, som til dømes laks/aure, og raudlista trekkfuglar som til dømes hettemåse, storspove og trekkande fuglar? I Eid gjeld dette særleg Osøyra, som er utløpet av Eidselva. Kan ein få på plass strengare krav til kommunane i forhold til krav om konsekvensutgreiingar for utbygging av cruisehamn og oppmuddring av elvebotn

2. Vil tiltaket få konsekvensar for område nær bustad, barnehagar, skular og naturområde, eller få innverknad på leik og friluft i standsona?

3. Har dette påverknad på nasjonale planar og innstrammingar av regelverk angåande miljøvern? Her tenkjer vi på alle tiltak som  må gjeras for å ta vare på og verne natur, dyr, planter og menneske.

4. Er det planar for bruk av el-bussar?

5. Kan støy frå fleire cruiseskip og fly påverke livet under vatn? Vert det krav om konsekvens analysar for dette?

6. Er det utslepp av gråvatn til fjord og hav? Bossortering?

7. Er det laga støykart frå cruisetrafikk, fly og transport??

8. Eksistera der beredskapsplan for olje/drivstoff søl og utslepp?

9. Er det fare for påverknad på botn fauna frå propell og under manøvrering til og frå land i sterk vind?

10. Vil tiltaket få konsekvensar for småbåttrafikken ut og inn? Kva med flytrafikk påverknad på bufe, dyrelivet og friluftsliv til fjells?