Senterpartiet kjempar for at det er det norske folk som skal styre utviklinga i Noreg. Samstundes vil me gjennom nasjonal kontroll og klok forvalting av naturressursane våre skape arbeidsplassar og sikre gode liv over heile landet. Senterpartiet vil byggje landet vårt, ikkje selje det eller la andre styre det.

Høgre- og Frp-regjeringa har no føreslått at Noreg skal gje frå seg suverenitet til EU sitt energibyrå. Dette er eit første steg i å knyte Noreg til EU sin energiunion. Noreg står no ovanfor eit avgjerande val. Ynskjer me å gje frå oss makt over infrastruktur til norske energiressursar og flyten av norsk straum og gass? Svaret frå Høgre og Frp er ja. Svaret frå Senterpartiet er nei.

Noreg er ein av verdas største eksportørar av energi. Me er ein av dei største leverandørane av energi til EU. Som seljar og eksportør har me sjølvsagd ikkje alltid same interesse som kjøpar og importør. Konsekvensane av å gje EU meir makt over norsk energipolitikk kan på sikt bli store. For Senterpartiet er det tydeleg at det ikkje er i Noreg si interesse å gje EU meir makt over norsk energipolitikk, infrastruktur for energi og flyten av norsk straum til utlandet.

Morten Harper i Nei til EU skriv klårt og tydeleg kva som blir konsekvensane av å knyte Noreg til EU sitt energibyrå: «I dag har vi et nordisk strømmarked med overskudd av kraft som gir lave priser. Med flere overføringskabler får vi et europeisk strømmarked med høye priser. Da vil EUs konkurranseregler slå inn som forbyr å skjerme norsk industri. I tillegg får vi ACER som vil overvåke og vedta regler som sikrer at strømmen flyter etter markedshensyn, ikke nasjonale hensyn».

Det norske folk er i mot å overføre suverenitet til EU sitt energibyrå. Nei til EU tok initiativ til ei brei undersøking der det vart stilt følgjande spørsmål: «Overvåkingsorganet ESA i Brussel skal på vegne av EUs energibyrå treffe bindende vedtak om norsk strøm og kraft. Støtter du at Norge knytter seg til dette?». Mindre enn éin av fem nordmenn svara at det ynskte dette.

Høgre og Frp ynskjer minst mogleg merksemd om det som no er i ferd med å skje. Regjeringa vil at Stortinget, med simpelt fleirtal, skal godta den føreslåtte suverenitetsoverføringa til EU sitt energibyrå. Regjeringa hevdar at ei slik suverenitetsoverføring er «lite inngripande». Dette er eg sterkt usamd i. Som eit absolutt minimum må ei suverenitetsoverføring til EU sitt energibyrå krevje tre fjerdedels fleirtal i Stortinget, i tråd med Grunnlovas paragraf 115.

Det einaste som kan stoppe regjeringa i å gje EU meir makt over flyten av norsk straum og gass og norsk energipolitikk, er ei tydeleg melding frå det norske folk. Eg oppmodar deg til å ta kontakt med ein representant frå ditt parti og krevje at vedkomande røystar  mot denne maktoverføringa frå Noreg til EU.