No skal vi ikkje lenger få bu i Sogn og Fjordane, men på VESTLANDET der storebror skal styre oss frå Bergen!

No skal vi heller ikkje få lov å bu i vår heimkommune Vågsøy, der vi er fødde og har vakse opp. No skal storebror styre oss frå Florø i KINN kommune!

Er det nokon som trur dei vil styre skulane og sjukeheimane våre betre frå Florø? Eller brannvesenet, eller vegane og vatnet vårt?

Er det nokon som føler seg tryggare med å la ein vilt framand ta styringa over deg og kvardagen din?

Vi er fire karar som er svært bekymra og usikre på framtida for kommunen vår. Vi er alle fødde og har vakse opp i Vågsøy kommune.

Berre for å nemne det så er både ordførar og rådmann tilflyttarar og det er trass alt dei som har stått i forkant for dette Kinn-spelet. Vi har røtene våre her og sjølvsagt sterkare kjensler for både det som går føre seg eller skjer i kommunen vår og vi vil «kjempe for det som vi har kjært».

Vi støttar sjølvsagt næringslivet i at vi må vere med på endringar og tilpasse oss, men då må det vere basert på fornuft og ikkje utfall av panikk eller anna. Kommunane rundt Førde har brukt 15 år før dei no har valt å gå i lag med sine næraste naboar. Her brukte vi berre 3 månader frå eit merkeleg forslag om å slå seg i lag med nokon langt vekke som ikkje var nabo ein gong – til eit hastevedtak der nye forslag til avtale dukka opp kvelden før avstemming!

Kva er det som har skjedd med oss som gjer at vi no plutseleg treng hjelp utanfrå for å klare oss her? Og det frå nokon med mykje meir gjeld og minst like store problem med økonomien. Når vi i tillegg får vite at dei først skal investere meir enn nokon gong i eigen heimkommune, så kan ein verte mørkeredd av mindre!

Her må det vere noko som ikkje stemmer. Vert vi klokare av å sjå tilbake på kva som har skjedd?

Det vart inngått ein skriftleg avtale mellom partia Ap, Frp, Sp, Raudt og Tverrpolitisk liste. Denne avtala er sjølve grunnlaget for at Kristin Maurstad sit som ordførar i dag!

Sitat frå FjT. den 18.09.2015:

– «Vi har ikkje råd å legge ned skular»

– «Kristin Maurstad vil verte ein samlande ordførar».

Nokre av lovnadane i avtala:

– Skulestrukturen skal bestå

– Det skal haldast folkeavstemming om kommunesamanslåing

Kva skjedde?

Etter tre månadar med ordføraren snur Ap i skulesaka med følgjande grunngjeving: Dårleg kommuneøkonomi

Hadde økonomien forverra seg i løpet av tre månadar? Ap med ordførar bryt avtala og går i lag med Høgre og Venstre etter berre få månadar.

Neste brot på avtala: Det skal IKKJE haldast folkeavstemming i Vågsøy kommune. I denne saka stemde fleire parti ja til folkeavstemming og dei har halde sitt løfte. Som ein slags kompensasjon skulle eit byrå gjere ei telefonintervju-undersøking blant folket i Vågsøy.

Resultatet vart: 55 prosent nei til Kinn, 31 prosent ja til Kinn og 14 prosent veit ikkje.

Sitert frå ei sak i Fjordenes Tidende 17. mars 2017:

«Mener rask prosess kan ha ført til Vågsøy-nei.

Den raske prosessen fram mot intensjonsavtalen mellom Vågsøy og Flora er noe av det Vågsøy-ordføreren tror kan ha bidratt til det negative svaret i innbyggerundersøkelsen.

Resultatet fra innbyggerundersøkelsen viser nemlig at et flertall av de spurte vågsøyværingene i undersøkelsen er negative til en sammenslåing av Vågsøy og Flora.

– Jeg må vel si at jeg ikke synes resultatet er overraskende. Prosessen har gått fort. Vi har hatt folkemøter med godt oppmøte, men det har også vært utfordrende å få ut all informasjonen om intensjonsavtalen, sier Kristin Maurstad.

Ordføreren mener også at mange av innbyggerne er usikre på hva intensjonsavtalen innebærer.

– Vi har nok ikke maktet å få ut all informasjonen som man kanskje skulle ha gjort.

– Hvor mye vil du vektlegge resultatene fra innbyggerundersøkelsen?

– Jeg har ikke lovt noe på det punktet. Jeg må diskutere med kollegaene mine hvor mye det skal vektlegges. Resultatet blir ett av mange moment i denne prosessen, sier Maurstad og legger til at Ap skal ha et møte om saken søndag kveld.

Ordføreren er fortsatt positiv til en kommunesammenslåing med Flora.

– Jeg er selv positiv, og mener dette er en god løsning. Samlet sett for de to kommunene er det 50 prosent for sammenslåing, sier hun.

Hun er heller ikke overrasket over at Flora-innbyggerne er mer positive til en sammenslåing, enn det Vågsøy-innbyggerne er.

– Det er ikke overraskende at det er flere i Flora som er positive. Dette er noe vi ser gjennomgående, at de som bor i den kommunen som sitter med kommunehuset også er de som er mest positive til sammenslåing. Rådhusfunksjonen skal ikke vere avgjørende, men folk er opptatt av det. Det må vi bare ta til etterretning.

Onsdag skal Maurstad og Flora-ordfører Ola Teigen møte kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) i Oslo. Tirsdag skal bystyret i Flora si ja eller nei til en kommunesammenslåing, og torsdag skal kommunestyret i Vågsøy gjøre det samme.» Sitat slutt

Denne undersøkinga som vert omtala her valde dei så å sjå heilt vekk i frå. Dei bestemte seg for å køyre på vidare. Vi meiner dette er å VISE FORAKT FOR FOLKET i Vågsøy!

Ein kommune er ansvarleg for tilboda til innbyggjarane. Det kviler eit stort ansvar på eit kvart medlem i kommunestyret før ein gjer slike drastiske vedtak.

Det er rådmannen i kvar kommune som skal sørgje for å legge fram alle økonomiske konsekvensar og sikre ei god og grundig saksbehandling, slik at dei folkevalde kan gjere ansvarlege vedtak.

Kinn-vedtaket (berre 6 dagar etter offentleggjering av undersøkinga)

Prosessen gjekk så fort i kommunestyret den 23. mars 2017, at folket – og fleire av politikarane sjølve ikkje heilt visste kva som skjedde. Men ordføraren visste – og berre nokre minutt seinare var ho på tråden til ordførarkollega Ola Teigen i Flora.

Før kommunesamanslåinga skulle opp i Stortinget i juni 2017, vart det føreteke mange reiser til Oslo av ordførar Maurstad (Ap) og ordførar Teigen i Flora (Ap) til Oslo. Dette vart gjort for å overtyde blant anna Ap at dei måtte stemme for ei samanslåing mellom Flora og Vågsøy.

Vi veit ikkje kva slags informasjon dei to har gjeve til Ap og andre parti, men resultatet i Stortinget gav fleirtal for samanslåing mellom Flora og Vågsøy til felleskommunen Kinn.

Dette til tross for at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane blant anna har konkludert med at dette IKKJE er ein ideell kommune utan felles grense og med store avstandar og dårleg kommunikasjon.

Statsråd Sanner stod rakrygga i denne saka og fremma forslag om at Kinn ikkje var ein ideell kommune. Dermed stemde Høgre saman med andre parti mot Kinn, mens Ap, Venstre og Frp stemde for. Vi hadde håpa at Høgre i Vågsøy hadde følgt moderpartiet sitt syn, men nokon i Vågsøy Høgre braut ut og saman med Ap, Venstre og Frp vart det fleirtal i kommunestyret for Kinn.

I seinare tid har det kome sterke protestar i sosiale medium og i lokalavisa for manglande informasjon om fordelar og ulemper ved denne samanslåinga, samt eit krav om folkeavstemming.

I desember 2017 starta ei underskriftskampanje på Min Sak og det vart lagt ut lister på butikkar, som innbyggjarane i Vågsøy kunne skrive seg på.

Ifølge dei tala vi har, så er det no over 1500 personar som har skrive seg på desse listene og som no krev folkeavstemming.

Ved siste kommuneval var det 2.700 personar som stemde, inkludert folket på Bryggja, så vi kan trygt snakke om eit FOLKEKRAV frå fleirtalet i Vågsøy kommune.

Det er mange som ikkje er på Facebook. Mange ønskjer ikkje å skrive under på lister og det er mange som av ulike årsaker ikkje tør/vil. Dette kan òg vere pga. koplingar/interesser mot delar av næringslivet.

Vi KREV no at det vert halde ei folkeavstemming, og at de n vert gjennomført så snart som råd i 2018 og at vi får ein god demokratisk prosess.

Mange har i aviser og på nett etterlyst analysar og fordelar/ulemper med ei slik samanslåing. Det som ordførarane Maurstad og Teigen kjem med, framstår som fagre ord om kor god denne kommunen skal verte og korleis det vil styrke Vågsøy på dei fleste felt, også innan økonomi. Dette siste er veldig interessant – ref. siste vedtak i Stortinget den 07.12.2017 som m.a. seier:

«Stortinget ber regjeringa legge til grunn at inntektssystemet for kommunane skal sikre likeverdige moglegheiter for å utvikle velferdstenester til innbyggjarane og ikkje brukast som element i vidareføring av kommunereforma».

Men ordet god økonomi, utan nokon detaljar om kva dette inneber, har stadig blitt brukt av Maurstad og Teigen. Sidan vi ikkje får noko informasjon om dette, og heller ikkje kan finne noko informasjon om dette på Vågsøy kommune sine heimesider, så la oss forsøke å hjelpe dei.

Fakta om økonomi, tenester og tilsette:

For deg som orkar å lese meir om dette Kinn-spelet – her er dei tørre fakta: (Vi har fått forskarane frå Telemarksforsking til å kvalitetssikre det som er skrive under her.)

Følgjande er basert på den siste reviderte rapporten frå Telemarksforsking og korleis vi forstår, tolkar og les den (dei hadde også med Bremanger i sine vurderingar):

Økonomiske og funksjonelle konsekvensar for Kinn:

Vi trur folk flest og mange av politikarane ikkje har fått nok innsyn i eller nok kunnskap om rapportane som vart utarbeidd for ein kystkommune. I Vågsøy vert det hevda at økonomiske konsekvensar ikkje i stor nok grad har vore vurdert før vedtaket om Kinn. Vi har nedanfor trekt ut ein del hovudpoeng frå rapporten frå Telemarksforsking og den tidlegare PWC-utgreiinga. Det kjem tydeleg fram kvifor Bremanger kommunestyre har sagt nei til Kinn, og det må vere lov å stille spørsmål om Vågsøy kommunestyre har tatt avgjerda på manglande eller feil grunnlag?

1. Inntektsnivå for kommunane: Flora ligg omtrent på landsgjennomsnittet og Vågsøy ligg to prosent under, mens Bremanger har eit inntektsnivå som ligg 20 prosent over landsgjennomsnittet

2. Lånegjeld i kommunane (pr. tredje kvartal 2017 ifølgje Statistisk sentralbyrå):

Flora: 1300 millionar kroner

(pr. innbyggjar 108.327 kr)

Vågsøy: 553 millionar kroner

(pr. innbyggjar 92.191 kr)

Bremanger: 334 mill. kroner

(pr. innbyggjar 87.885 kr)

Ifølgje investeringsplanen til Flora kommune frå oktober 2017, skal Flora investere for 1 milliard kroner og auke lånegjelda si med 744 mill. kroner til over 2 milliardar!

3. Framtidig auke i demografiutgifter (i stor grad eldrebølgja) frå 2018–2040:

Flora: 192 mill. kr

Vågsøy: 58 mill. kr

Bremanger: 9 mill. kr

Målt i prosent av dagens inntektsnivå er Flora berekna å få auka kostnadar tilsvarande 17,2 prosent, Vågsøy 11,3 prosent og Bremanger berre 2,0 prosent.

4. Eigedomsskatt

Flora har 12.000 innbyggjarar og krev inn 43 mill. kr i eigedomsskatt

Vågsøy har 6.000 innbyggjarar og krev inn 13 mill. kr i eigedomsskatt

5. Auke i arbeidsgjevaravgift i Vågsøy og Bremanger:

Flora er i sone 1a for arbeidsgjevaravgift og betalar 14,1 prosent. Vågsøy og Bremanger er i sone 2 med 10,6 prosent.

Telemarksforsking konkluderte med at ein ny kommune der Flora inngår, vil hamne i sone 1a etter dagens regelverk. Det vert dermed auke i arbeidsgjevaravgifta for større bedrifter i Vågsøy. I tillegg vert det auke i arbeidsgjevaravgift for kommunen på dei kommunalt tilsette i Vågsøy. For sjølve drifta av dagens Vågsøy kommune, vil dette utgjere ei årleg auke på 9,9 mill. kr. Dagens kriterium for soneinndeling er godkjent av EFTA. Ordninga skal reviderast i 2021. Skal Kinn komme betre ut, må ein få godkjenning for ei utviding av dagens soneinndeling og eit heilt endra system.

6. Effekt på overføringar frå inntektssystemet:

A: Eingongsstøtta som skal dekkje reelle omstillingskostnadar blir ved Flora + Vågsøy samla 41 mill. kr. Desse pengane skal brukast no framover for å omstille/endre organisasjonen utan at nokon skal flytte på seg …

B: Effekt på overføringar frå inntektssystemet viser at ein samanslått kommune av Flora og Vågsøy vil få auka rammetilskot med ca. 3,3 mill. kr årleg. 7. Inntektsendring om Bryggja går ut av Kinn:

Ifølgje Telemarksforsking mister Vågsøy/Kinn 29,5 mill. kr i frie inntekter som følgje av grensejusteringa. Når ein veit kostnadane med drift av Bryggja, så ser ein sannsynlegvis eit tap på minimum 8–10 millionar kr

8. Moglege innsparingar på området administrasjon?:

Det er i første omgang på administrasjon Telemarksforsking ser eit mogleg potensial for innsparing. Vågsøy har dei rimelegaste administrasjonskostnad-

ane med 4.352 kr pr. innbyggjar. Totalt 26,2 mill. kr pr. år. Flora har ein kostnad på 4.617 kr pr. innbyggjar. Totalt 55,4 mill. kr pr. år.

Viss den nye kommunen klarer å komme ned på Vågsøy sitt nivå, konkluderer ein med ei innsparing på 3,2 mill. kr pr. år.

NB! I intensjonsavtala står det at det ved kutt skal kuttast forholdsmessig likt i stillingar i Flora og Vågsøy. Når Vågsøy i dag har ein liten og rimeleg organisasjon, og Flora har ein for stor administrasjon så vert dette heilt feil. Ta til dømes planavdelinga til Flora som har 17 tilsette og Vågsøy har 3 tilsette i dag. Korleis vil dette gå når ein bruker den vedtekne delingsmodellen?

9. Tenester som skule, barnehage, helse og omsorg:

Dette er basisoppgåvene til kommunane som utgjer over 80 prosent av budsjetta til kommunane. Vi ser at ein i liten grad kan få innsparing på desse tenestene som ein konsekvens av en samanslåing. Må ein spare pengar, så er det likevel på desse postane ein kan hente den store gevinsten. Det vil i så fall føre til endå meir sentralisering.

10. Delt kommunesenter?:

Ennå er det heilt uvisst kva som ligg i «delt kommunesenter» anna enn at alt skal bestå som før med to rådhus og ingen tilsette skal miste arbeidet. Vil det stå seg over tid når ein må til med framtidige innsparingar og effektiviseringar? Gjev Vågsøy frå seg makta til ein kommune langt vekke som vi ikkje vil sjå noko til?

11. Endring i lokaldemokrati/kommunestyre:

Tal personar i dei to kommunestyra i dag: Flora: 31 Vågsøy: 27 Sum = 58

I Kinn skal det berre vere 39 repr. i kommunestyret. Flora har ca. 12.000 innbyggjarar. Vågsøy har ca. 6.000.

Eit av måla med kommunereforma var å styrke lokaldemokratiet. Kan dette bli styrka i ein kommune med så store geografiske avstandar og så store forskjellar i folketal, eller vert det svekka?

12. Moglege negative effektar. Frå rapporten til Telemarksforsking:

«Det som blir trekt fram som negative effektar er knytt til at avstandane er for store og det såleis vil vere vanskeleg hente ut positive effektar knytt til samfunns- og næringsutvikling. Så lenge ein har lang reisetid, nattestengde ferjer og dårlege vegar og fjellovergangar, vert det sett som vanskeleg å hente ut gevinstar av ei samanslåing.

Det er i Vågsøy at ein ser dei potensielt største ulempene. Det blir også synt til at eit klart fleirtal i folket er negative til ei etablering av ein kystkommune, og at folkerøystingar har vist fleirtal for ei samanslåing i retning Nordfjord. Det blir og understreka at det er i den retninga mesteparten av samhandlinga og samarbeidet går føre seg i dag, og dette hadde vore ein meir naturleg region»

Vår konklusjon: Det vert hevda at Vågsøy får romslegare økonomi etter ei samanslåing. Ein slik påstand vil vi hevde er direkte feil. Vi ser at Kinn (Flora + Vågsøy) berre får 3,3 mill. kr i ekstra statlege overføringar pr. år frå 2020–2034. Så må ein trekke frå for auka arbeidsgjevaravgift for Vågsøy kommune sin del på 9,9 mill. kr. Då får ein 6,6 mill. kr mindre kvart år enn om kommunane var kvar for seg. Om 20 år vert inntektene etter dagens system sterkt redusert med 13,8 mill. kr.

I tillegg må ein sjå på dei økonomiske konsekvensane av at Bryggja går ut av Vågsøy, meirkostnadane på demografi i forhold til Flora på 134 mill. kr samt den enorme forskjellen i lånegjelda. Økonomisk er denne kommunefusjonen særdeles dårleg for Vågsøy. Kinn får totalt sett mindre pengar enn om kommunane var som i dag, men Flora får fleire å dele gjelda si med.

Det er ikkje mogleg å få ut potensialet for effektivisering som heile reforma og inntektssystemet legg opp til utan dramatiske konsekvensar og sentralisering av tenestetilboda. Dei to ordførarane har sagt at dei ikkje skal effektivisere, men tala viser tydeleg at det vert dei nøydde til.

Reforma legg også vekt på større og betre kompetansemiljø for dei kommunalt tilsette. Med dei tilsette på same stad som tidlegare vert alt som før.

Ref. uttale i NRK Sogn og Fjordane den 18.12.17 kor ordførar Maurstad seier følgjande på spørsmål om kravet til folkeavstemming: «Vi kan ikkje ha omkampar om alt»:

Hallo ordførar! Dette er kanskje den viktigaste saka for Vågsøy nokon gong, og den vil ha mykje å seie for generasjonar framover! Er det ein gong vi treng å tenke oss ekstra godt om og ta ein omkamp, så er det nettopp no!