Eg har opplevd både stor glede og aukande frustrasjon gjennom dei to vekene eg har opphalde meg på Hogatunet.

Når eg no ser at det igjen er personalet som skal lide for kommunen sin disponering av midlar, må eg seie frå.

Det var mykje som undra meg då eg kom hit. Dei berømte digitaliserte doa var veldig morosame å prøve, anten dei verka eller ikkje. Der imot stussa eg svært på at heilt enkle, heilt vanleg og mykje billegare teknologi ikkje var på plass. Mellom anna finns det ikkje varmluft til å tørke hendene på når ein har vaska seg, og det finns ikkje fjernkontroll til å slokke lyset eller opne døra.

Badet er ei historie for seg. Frå mi tid på Yrkesopplæringskontoret, var vi sjokkerte over arkitektane si manglande forståing for kokkane sin kvardag. Likevel vart kjøkkenpersonalet aldri spurt når nye institusjonar skulle byggast. Eg trudde dette var eit tilbakelagt stadium.

Korleis det er «løyst» her, er alt for langt å ta med, men sjølv om eg fint kan greie dette åleine, må eg i alle fall ha eit stort lad med handkle. Når dei er oppbrukte til å tørke golvet, står eg der like våt. Då hadde det gjort seg med litt varmluft. Eg har hårtørkar, heime, ja.

For dei meir tungneme vil eg forklare kvifor dette er så viktig. For å ta det siste først: Ligg du i senga og kjenner at søvnen kjem, er det flautt å måtte tilkalle den stressa nattevakta berre for å slå av taklyset. Det er heller ikkje lett å lære korleis dette skal gjerast om du er aldri så sprek. Så kan det vere greitt å kunne opna døra når du får besøk utan å kave deg ut av senga.

At dette er ei stor ekstra belastning for personalet og ei plage for oss bebuarane, skjønar vel alle. De politikarane finn nok også ut at her er det mykje pengar å spare. Men då brukar de vel desse pengane til andre ting?

Eg må vel understreke at dette er berre mine eigne observasjonar, - dei tilsette er så lojale at eg aldri høyrer ei klage frå dei.

På den andre sida er det dei som held det heile i gang, og det er meir enn rart at det då er dei som skal lide. Her er ein flott plass å vere.