Like før jul vedtok styret i Helse Førde drifts- og investeringsbudsjettet for 2018. Vedtaket var samrøystes, sjølv om det sat langt inne. Tilsette sine representantar uttrykte tvil om realismen, at dei store innsparingane kunne få uheldige utslag for arbeidsmiljø og råke pasienttilbodet. Ut frå uroa og dei kritiske merknadane til tilsette sine representantar, kan ein stille spørsmålet om kvifor dei i det heile sa ja. Svaret ligg truleg i eit overordna ønskje om å bygge nytt i Førde for over ein milliard kroner, og då må det kuttast i driftsutgiftene, sjølv om enkelte risikolamper lyser raudt.

Å sitte i eit styre handlar, sjølvsagt, om å ha tillit til det administrasjonen legg fram. I tillegg handlar det om at styremedlemmer gjer eigne vurderingar, søkjer informasjon og ikkje minst bygger eigne vurderingar på erfaringar andre helseføretak har gjort i tilsvarande situasjonar som det Helse Førde no er i. I desse tider er nøkkelspørsmålet kva fokus ein har. Pasientfokus eller utbyggingsfokus. Vi meiner det er lett å miste pasientfokuset når ønsket om utbygging er så stort som det er – i Førde.

I Lærdal har bedrifter, kommunar og enkeltpersonar samla inn drygt ti millionar kroner til ny MR-maskin. Tilsvarande har blitt gjort i Nordfjord tidlegare. «Når det er gjort ein slik innsats lokalt, er det viktig for oss i Helse Førde å vise at vi følgjer opp, sa Margun Thue, stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, og la til; «For Lærdal sjukehus betyr det sjølvsagt også mykje å kunne ha eit nytt tilbod som dette.» Som ein del av innsparingane vedtok samstundes styret i helseføretaket å kutte talet på senger ved medisinsk avdeling i Lærdal.

Slik vi oppfattar styret sin argumentasjon, er uroa knytt meir til risiko i gjennomføringskraft i kuttprosessen, enn risikoen for at kutta råkar pasientane og pasienttilbodet – spesielt utanfor Førde. Godt Nytt År!