Tusenvis av barn må feire jul i ein heim med foreldre som drikk for mykje. Julehøgtida inneber for mange ei «legitimering» av høgt alkoholforbruk og ein tradisjon for å halde samværet innanfor kjernefamilien.

AEF oppmodar til at vi gjer en innsats for barn og unge, og gjer tida frå 24-26.12 til rusfrie dagar der dei vaksne avstår frå alkohol.

Folkehelseinstituttet estimerer at rundt 90.000 barn i Norge lever i heimar der minst ein forelder er alkoholmisbrukar. Det er grunn til å tru at talet er vesentlig høgare i julehøgtida.

Barn er spesielt utsette i jula. Barn ønskjer vaksne som er til stades, utan å vere påverka av alkohol.