Over heile fylket har eg det siste halve året møtt optimistiske og dyktige enkeltpersonar og offentlege og private aktørar som fortel om sine utviklingsplanar, idear og framtidsvisjonar. Eg blir stolt og glad, og får energi av desse møta.

«Vestlandet vil drive veksten i Norge framover», stod det å lese på NRK Sogn og Fjordane si nettside 18. desember.

For få veker sidan hadde eg møte med ordføraren og representantar frå næringslivet i Florø. Dei bekreftar det eg sjølv har registret, stemninga har snudd og det er ein ny optimisme og glød i kystbyen. Dei framhevar det gode samarbeidet på tvers av næringar og kompetansemiljø som særleg viktig og positivt. Eg har mellom anna fått god informasjon om det spanande Hydrogen-prosjektet som pågår. Leiande i Noreg, og på verdsbasis. Grøn teknologiutvikling står i høgsetet i Sogn og Fjordane, og det vert lagt merke til både nasjonalt og internasjonalt. Dyktige næringsaktørar og kompetansemiljø har tatt posisjonen.

Skipsdesign, fiskeri og havbruk, IT, reiseliv-, teknolog-, energi- og landbruk. Alle er dei komme langt i å utvikle seg i eit framtidsperspektiv. Loen Skylift har sett reiselivsfylket ettertrykkeleg på kartet. Nord-Europas største datasenter, Lefdal Datasenter, skapar ringverknadar lokalt, og forventningar nasjonalt om å utvikle fleire grøne datasentra i Noreg. Stad-Skipstunnel er vedtatt bygd, og har segla opp som ei internasjonal nyvinning innan samferdsle. Brødrene Aa er verdsleiande på grøn skipsteknologi, og er nært knytt til mange av dei grøne utviklingsprosjekta i fylket. Mellom anna suksessen «Visjons of The Fjords» som går i turisttrafikk i Nærøyfjorden i Sogn.

Under statsministeren sitt besøk i fylket tidlegare i haust fekk vi ta turen frå Hyen til Sandane med dette skipet. Design i verdsklasse! Grøn teknologi høyrer heime i verdsarvområda –det underbygger det reine og storslåtte landskapet fjordane våre representerer. Turen imponerte oss, og utvilsamt alle turistane som no strøymer til fylket. Etter nok ein eventyreleg turistsesong kunne vi for få dagar sidan  lese at også vinterturismen inntek fjordfylket. I Sogn auka veksten med 36 prosent.

Fiskerinæringa investerer for mange 100-tals millionar i båtar og kvotar, og skapar gjennom dette tryggare og meir moderne arbeidsplassar for mange langs kysten. Optimisme gjennomsyrer tilbakemeldingane frå bransjen. Oppdrettsnæringa utviklar stadig nye og spanande teknologiar både på land og i sjøen. Nye produkt vert utvikla; Som dei første i Noreg dyrkar Seaweed from Norway sunne og smakfulle tang- og tareprodukt ute i dei ytste øyane i Sunnfjord. I kvar ein krik og krok finn vi desse dyktige personane og miljøa som byggjer Sogn og Fjordane for framtida.

Kraftselskapa SFE og Sunnfjord Energi snakkar godt saman. Kanskje blir det ei lykkeleg foreining av desse to selskapa på sikt. Det er ei glede å registrere at utvikling og utbygging står i høgsetet. Sunnfjord Energi har mellom anna vedtatt å realisere Jølstra Kraft. Ei investering til over 700 millionar.

Førde og Sogndal står i enda større grad fram som verdifulle regionseter med viktige tenester innan utdanning, helse, handel og kulturliv. Vi treng dei pulserande vekstmiljøa som utviklar og tiltrekkjer seg nye impulsar og kompetansar, og som tilbyr omlandet tenester dei sjølve ikkje kan utvikle i same grad.

Sett litt på avstand slår det meg at ord som «kvalitet», «nyskapande» og «samarbeidsvilje» er i ferd med å tre fram som ei merkevare for fjordfylket. Om vi ikkje er størst, så kan vi vere best!

Vi skal ikkje berre «rosemale». Vi skal sjølvsagt også sjå og ta tak i utfordringar. Men lat oss bruke 2018 til å byggje eit enda sterkare omdøme for fjordfylket. Eg lovar å bidra i så måte, og eg veit at det finst mange røyster som ønskjer å gjere det same.

Kjære sogningar og fjordingar; takk for alle inspirerande møte og presentasjonar i 2017. Eg ynskjer dykk alle ei fredfull julehelg og eit drivande godt 2018.