Det var litt av ei julehelsing som innbyggjarane i Heggjabygda fekk med fleirtalet i kommunestyret. Sjølv no, fire år etter at Heggjabygda Vassverk søkte om kommunal overtaking, så vil ikkje fleirtalet tidfeste kor tid kommunen faktisk skal ta over. Ikkje nok med det. Fleirtalet med Venstre i spissen krev at abonnentane skal betale 25000 kroner når vassverket vert kommunalt. Innbyggjarane elles i kommunen betalar kunn  tilknytingsgebyr kr 10666,- når dei koplar seg på eit kommunalt vassverk. Fleirtalet (V,H, Frp og Krf) ville heller ikkje seie noko om kva som skal skje med den resterande lånegjelda til Heggjabygda vassverk. Kort fortalt så skal folket i Heggjabygda betale 14334 kr meir for tilknyting, dei skal betale årleg vassavgift på lik line med resten av innbyggjarane i Eid. Så må dei sidan vedtaket til kommunestyret ikkje omtalar restgjelda , betale renter og avdrag på lånet i tillegg til vassavgifta.

Eg er skuffa over at ei i utgangspunktet enkel sak har blitt gjort så vanskeleg av rådmannen og fleirtalet i kommunestyret. Dette inneberer etter mitt syn ei klar forskjellsbehandling. Praksisen har vore at ein betalar tilknytingsgebyr, så må kvar enkelt leggje rør fram til eigen bustad frå hovudvassleidning.  I Heggjabygda har dei allereie gjort jobben. Derfor vert kommunestyret sitt vedtak så feil. Her er det snakk om å overta eit ferdig godkjent anlegg og innlemme det i kommunen si drift.

Vi i Senterpartiet meiner at kommunen så langt som råd innanfor rimelege økonomiske rammer skal syte for reint vatn til sine innbyggjarar. Vi meiner dette er ei fellesskapsoppgåve som vi må løyse saman og det må vere like vilkår. Dette ei politisk sak som seier mykje om korleis dei ulike partia vil løyse og finansiere vassforsyning til innbyggjarane i Eid kommune. Det er ei viktig prinsipiell sak og ein prøvestein for kva samfunn vi vil ha framover. Vi vil halde fram kampen for at det skal vere lik pris for like tenester i kommunen vår.