Vi har nettopp, tidleg i 2017, fått lagt ein kabal der kommunane i Indre Sunnfjord og Fjaler vart samde om ei storstilt satsing på eit avansert museumsbygg og fellesmagasin i Movika, som seinare skal følgjast opp av satsing på Astrup i Jølster. Ved sida av Ludvig Eikaas-galleriet på Ålhus og Kunstmuseet i Førde  blir dette eit kraftsentrum som vil vise att langt utanfor fylkesgrensene. I tillegg har musea kjøpt dei tidlegare fabrikklokala til Ramstad Eskefabrikk i Angedalen, som vil løyse utfordringar med lagring av store gjenstandar frå heile fylket. Investeringar i denne storleiken viser etter mitt syn at det absolutt finst vilje. I Balestrand står eit splitter nytt Reiselivsmuseum, også det med fylkeskommunal medverknad. Dei fylkeskommunale investeringane er så langt over 100 millionar kroner. Vi har mange utfordringar på museumssida, men også mykje å glede oss over. Vi er avhengige av statleg finansiering av kulturbygga, og årets statsbudsjett er ikkje lysteleg lesnad med museumsbrillene på.

Eg skal ikkje ha sterke meiningar om styret, dette er politiske prosessar. Georg Arnestad har rett i at styret i stiftingane er svært viktige. Eg har sympati for Arnestad sitt synspunkt om eit kompetanseorientert styre for musea.

Når det gjeld regionreforma, tillet eg meg å kommentere følgjande: Fellesnemnda vart utnemnd på fylkestinget i Gulen 27. oktober, og har sitt første møte 18. desember. Det nye fylket byrjar å virke 1. januar 2020. Vi har vore nøydde til å ha dei politiske vedtaka på plass, og vi må vente på å få dei fullmaktene vi treng for å forme den nye organisasjonen. Eg tvilar på om det hadde vore særleg populært om vi hadde flagga sterke synspunkt om satsing på det eine eller andre på det stadiet vi er no. Det betyr ikkje at vi ikkje har meiningar.

I Regional plan for kultur, planprogrammet, så står der eit heilt kapitel om kulturarv, der er mykje snakk om profesjonelle institusjonar utan at dei er nemnde med namn. For oss er Musea i Sogn og Fjordane ein av desse profesjonelle. Vi skal ta det ansvaret som følgjer med, og musea våre vil få ein sentral plass.

Den største utfordringa i regionreforma er å erobre rolla som samfunnsutviklar med regional dialekt. Å ta vare på, og formidle, kunnskap om kulturminne og samfunnsliv før og no, er vesentleg for å drive samfunnsutvikling. Eg garanterer at det ikkje vert teke lett på dei neste to åra.