Vågsøy står som skuleeigar. Dei har vedtatt i kommunestyret å legge ned Bryggja skule. Det kan ikkje Eid og Selje gjere noko med, før Bryggja blir ein del av ein samla skulebruksplan i den nye Stad kommune.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gjort eit vedtak, etter innstilling frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, om at Bryggja, Maurstad og Totland skal bli ein del av Stad kommune frå 2020.

Saka om Bryggja skule har ei formell side av seg som gjer at elevar, foreldre og tilsette blir ein kasteball i systemet. Det kan ikkje vere meining i at ei formell sak gjer at det blir slik. Dette er ikkje greitt.

No må politikarane vere litt modige, og ordne opp i saka. Vert først Bryggja skule lagt ned, er det svært liten sjanse for at den kjem i drift igjen.

I Vågsøy sit ein rådmann som har signalisert at dei vurderer å selje Bryggja skule til bustadar. Han er meir politikar enn dei fleste. Den måten rådmannen opptrer på med arrogansen sin, gjer frykteleg vondt for folket på Bryggja. Brent jords politikk, kallar Einar O. Midtbø det i dagens avis. Rådmannen sin trussel om å selje skulen er å strø salt i såret.

No må ein ordne opp lokalt. Eid og Selje bør ha omsut for dei som skal bli ein del av kommunen vår. Det er fint at Fellesnemnda for Eid og Selje vil ta opp saka og gå ei runde med rette instansar. Ein må be departementet ordne opp umiddelbart, så skulen vert behalden. Så mykje respekt for elevar, foreldre og tilsette bør ein ha. Det dei opplever no er nedverdigande.

Det er lov å legge ned skular, men då må ein også ha plass tilelevane. Både Stårheim, Skavøypoll og Skram skule har tidlegare signalisert at dei ikkje har plass til å ta imot alle elevane frå Bryggja. Kvar skal dei då vere?