I eit lesarbrev skriv de at ein må ta folk på alvor, og seier med det at eit fleirtal både i Flora kommune og Vågsøy kommune ikkje gjer nettopp dette. At dei to kommunestyra ikkje deler dykkar syn betyr ikkje nødvendigvis at de representerer folkeviljen og andre ikkje, det betyr at vi har ulikt syn på konklusjonane til Telemarksforsking og fylkesmannen. Uttalene til underteikna og Maurstad relekterer våre kommunestyrer sine vedtak.

Alfred Bjørlo og Stein Robert Osdal meiner at folket veit best og det gjer ein jo stort sett. Det ironiske er at begge desse meiner vi skal bruke tvang i kommunereforma mot kommunar som ikkje vil gjere som dei meiner. I sine eigne kommunar ville dei heller ikkje spørje kva innbyggarane ville, dei gjorde det dei sjølv meinte var rett. Bjørlo er i tillegg sentral i Venstre, eit parti som har lagt ein nasjonal politikk for at flest mogleg kommunar skal tvingast på plass. Bjørlo og Vesntre si helsing til innbyggarane på Leikanger kan vel neppe karakteriserast som å ta folket på alvor.

Når ein skal ta folket si meining på alvor bør folket få klare val å ta stilling til. Bryggja Utvikling påstår at de har lova at skulen på Bryggja skal halde fram. Men når Bjørlo er intervjua på NRK så kan han ikkje love nokon ting. I lys av dette bør ein kanskje vere varsam med å seie at folket veit best når ordføraren på Eid ikkje kan seie verken det eine eller det andre om tenestene i Stad kommune.

Skal innbyggarane i ei grensejusteringssak kunne gje gode svar så bør ein først sørgje for at dei har den naudsynte kunnskapen for å foreta eit val. Når dei fleste på Bryggja kalkulerer med at skulen vil bestå i Stad kommune, bør de vere tydelege på at det langt frå er sikkert. Andre konsekvensar som lenger skuleveg til ungdomsskule, lengre veg til kommunale tenester og lengre veg til barna sine fritidsaktivitetar, bør ein og vere tydeleg på før innbyggarane vert høyrt. Her, Alfred og Stein Robert, har de vore svært ullne, her må de ta folket på alvor.