Bryggja, med ca 540 innbyggjarar, ligg lengst aust i dagens Vågsøy kommune. Dei vil med ei grensejustering ligge midt i nye Stad kommune, slik at dei har kort reiseveg til alle deler av den nye kommunen.

Bryggja sin søknad om grensejustering er uvanleg grundig handsama. Telemarksforsking har laga ei omfattande utgreiing om alle sider ved saka, inkludert kommunale tenestetilbod og kommuneøkonomi for både innbyggjarane på Bryggja og dei berørte kommunane. Det er også gjort ei innbyggjarundersøkjing der alle på Bryggja har fått høve til å seie si meining om kommune-tilhøyrigheit i framtida.

Resultata av utgreiingane og innbyggjarundersøkinga er eintydig. 79% av dei som bur på Bryggja er positive til å bli del av Stad kommune. 84% er negative til å bli del av Kinn kommune.  Den faglege rapporten konkluderer med at samhandlinga med nye Stad kommune er mykje større enn med nye Kinn kommune, oppsummert slik av Telemarksforsking: "Dersom Bryggja blir ein del av Stad kommune framfor å bli med i Kinn kommune, vil innbyggjarane ut frå ekspertutvalets kriterier bli ein del av ein meir funksjonell og integrert kommune med kortare avstandar samanlikna med Kinn. Sterkare tilknyting og identitet i høve til Stad kan og vera positivt for lokalpolitisk engasjement og medverknad."

Rapporten har vore på høyring til berørte kommunar utan at vesentlege nye moment kom fram, og til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som ikkje har innvendingar mot grensejusteringa sett frå ein regional ståstad.

Det  er difor inga overrasking at Fylkesmannen i Sogn og Fjordane no gir ei krystallklar tilråding om å grensejustere Bryggja inn i nye Stad kommune som omsøkt - i tråd med "køyrereglane" for grensejustering i Inndelingslova.  Fylkesmannen legg avgjerande vekt på at innbyggjarane på Bryggja så tydeleg og samla ønskjer å høyre til nye Stad kommune, og at dei då også blir del av ein meir funksjonell og integrert kommune.

Fylkesmannen peiker også på det som etter Inndelingslova er sjølvsagt: At økonomi ikkje kan eller er meint å hindre ei grensejustering, fordi Inndelingslova har klare køyrereglar på økonomisk oppgjer mellom kommunane slik at utgifter og inntekter følgjer kvarandre. Vi snakkar her om ei bygd som utgjer berre ca 3% av det samla folketalet i nye Kinn kommune, og dermed ein tilsvarande liten del av det samla økonomiske grunnlaget for den nye kommunen.

Sjeldan har ei grensejusterings-sak vore meir omfattande utgreidd. Sjeldan har folkeviljen i ei berørt bygd vore meir samla og tydeleg. Og sjeldan har ein konklusjon frå alle faginstansar vore meir samla og eintydig.

Det er difor med undring vi ser at Ap-ordførarane i Flora og Vågsøy framleis i eit innlegg i Kommunal Rapport 16/11 og i intervju med media etter Fylkesmannen si tilråding 17/11 held fast på at "dei veit best" kva som tener folk på Bryggja. Det omfattande utgreiingsarbeidet som er gjort både av Fylkesmannen og Telemarksforsking syner for alle som set seg inn i saka at dette er noko langt meir enn ein "skuleprotest", som Ap-ordførarane i Vågsøy og Flora enno påstår.

Vi trur det er klokt om vi alle no tek folket på Bryggja på alvor. Å byggje nye kommunar handlar om å få folk med på laget og byggje eit godt lokaldemokrati. Då er det ein svært dårleg start å oversjå den klare folkeviljen i ei bygd, og tillegge dei motiv som grundige utgreiingar og innbyggjarundersøking for lengst har avklart at dei ikkje har. Vi er kanskje ordførarar, men vi er ikkje av den grunn nødvendigvis klokare enn folk flest. Verken på Bryggja eller andre stader.

Stad og Kinn kommune blir naboar. Vi vil gjerne byggje eit godt naboskap. Då er det ein god start at vi no alle i både Stad og Kinn aksepterer at folk på Bryggja sjølv har sagt kva kommune dei vil tilhøyre, og no fått stadfesta frå alle faglege hald at det er eit godt val for framtida.