Det er rett at me ikkje har brukt ulike typar media til å diskutere innsparingskrava, og kva konsekvensar dette vil kunne ha for våre medlemar, og pasientar/brukarar av Helse Førde. Men vi har meiningar, og vi formidlar dei i alle fora vi er representert i, og der vi møter arbeidsgjevar:

• Nei, vi meiner ikkje at sjukepleiarane skal jobbe på tvers og sendast hit og dit. Men om ein har ein kompetanse det er bruk for på ei anna avdeling, så må avdelinga kunne be om hjelp. Det kan og komme til ein situasjon der ein må velje mellom ein større del tilsette på bemanningssenter som kan serve fleire avdelingar, eller å slå saman avdelingar for å kunne drive for dei midlane vi har.

• Nei, vi meiner ikkje at ein skal spare ved å korte ned på rapporteringstid/overlapping, eller andre tiltak som gjer sjukepleiaren sin arbeidsdag kortare, og oppmøtedagane fleire. Vi meiner normalarbeidsdagen skal vere minst 7,5 timar.

• Ja, vi meiner ein også som turnusarbeidande sjukepleiar skal ha matpause, og ha moglegheit til å gå i frå når ein arbeider på dagtid. Dette skal ligge inne i turnusplanen og vere gjort kjend for den einskilde. Dersom ikkje matpause kan avhaldast, skal den kompenserast som overtid.

• Ja, vi meiner ein bør styrkje grunnbemanning og bruke mindre pengar på innleige, vikarar og overtid. Dette vil nok krevje at ein ikkje leiger vikar inn kvar gong nokon er sjuke, men berre når det er heilt naudsynt.

• Nei, vi kan ikkje gjere noko med den overføringa Helse Førde får frå staten for å drive sjukehusa. NSF kan ikkje trylle! Men både NSF sentralt og vi i dei lokale styra seier i frå om at rammene er for knappe ut frå dei krava som vert stilt til oss.

• Ja. Vi seier i frå om at vi ikkje vil finne oss i at det berre er på sjukepleiarsida ein skal spare inn tilsette. Alle avdelingar, og støttefunksjonane og administrasjon har fått sine innsparingskrav.

• Ja, vi meiner at ein skal kunne ta ut 4 veker ferie om sommaren om ein ynskjer det. Viss ein blir pålagt berre tre veker, skal ein kunne velje seg ei veke som passar anten det er påske, jul eller vinter-/haust-ferie. Vi meiner at den tida som går med til ferie for dei tilsette skal erstattast med tilsvarande årsverk.

• Ja, vi formidlar våre haldningar og meiningar til arbeidsgjevar i alle høve, og meiner det er rett å bruke ressursane våre på prosessane internt i dialog med leiinga.

• Nei, det skal og kan ikkje kuttast 160 sjukepleiarstillingar. NSF meiner det er uheldig at ein brukar eit slikt eksempel i media då det skaper unødig mange engstelege pasientar og sjukepleiarar. Om det vert 160 sjukepleiarstillingar, 50 legestillingar eller vert kutta på andre områder er ikkje opp til fagforeiningane å avgjere. Det er arbeidsgjevar som er ansvarleg for å lage og å fylgje budsjett. Dei ser og at vi ikkje kan kutte i berre ei stillingsgruppe, men vil sjå på alle løysningar.

• Ja, vi meiner helseføretaka vert pålagt for store utgifter til IKT, dyre medisinar og pasienttransport. Ein stor del av eit helseføretak sitt budsjett er bunde opp i avtalar på regionalt eller nasjonalt nivå.

• Ja, vi skal inn i ein vanskeleg og vond prosess, og NSF har forståing for at dette gir utrygge høve for alle. I prosessen vil NSF ha fokus på HMS og med det kvalitet og pasientsikkerheit i dei interne prosessane i føretaket. I prosessane etterlyser me ROS-analyser knytt til HMS for tilsette og kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeidet, dette i staden for å bruke ressursar på innspel og diskusjonar i ulike typar media.

FTV Wenche Røkenes har tidlegare sendt ut e-post, og posta på FB til medlemane med spørsmål om innspel i høve innsparingskrav og prosessar som pågår. Dette har ein fått lite tilbakemeldingar på, men dei ein har fått har ein lagt fram for arbeidsgjevar i prosessane.

Den 23. oktober arrangerte NSF også medlemsmøte på FSS med videooverføring til Lærdal og Nordfjordeid, der konstituert administrerande direktør og fagdirektør var til stades og informerte, og svarte på spørsmål. Dei oppmoda og tilsette om å komme med innspel til prosessane, enten i linja eller via tillitsvalde.

Vidare har NSF sine tillitsvalde oppmoda arbeidsgjevar om at tilsette i avdelingane må informerast og involverast i linja i dei pågåande prosessane, dette for at de skal verte høyrde og ha høve til å komme med innspel. Vi tillitsvalde er og framleis opne for innspel og spørsmål. Berre ta kontakt!